fredag 24. februar 2006

Caesar; Uhøfleg eller uformell død?

Eg høyrde her forleden ein mann, eg kan ikkje hugse kven, men det var nok ein komikar av eit slag, som lurte litt på dette med Caesar sine siste ord; Et tu Brute. Det gjer vi jo alle frå tid til annan, men han påpeikte ein ting som slo meg som interessant - nemleg at han ikkje nytta høfleg form. Reint omsatt så tyder jo orda noko slikt som og så du Brutus, ofte omsatt til óg så du, min son, Brutus. Siste omsetjinga avdi Brutus var å rekna som ein adoptivson av Caesar sjølv, og Caesar stod nær han sjølv etter at Brutus hadde kjempa på side med Pompeius og Cato i borgarkrigen mot Caesar. Fortvillinga og sjokket over at Brutus var ein av senatorane som flokka rundt han med ein blodig kniv i handa kan ha vore nok til at sjølv Gaius Julius Caesar gløymde seg sjølv og kvar han var. Det er jo forsåvidt fullt forståeleg, men Caesar var ein stoisk mann som sjeldan lot seg forfekte, så er dette grunnen for det sosiale glippet? For det er jo ikkje noko berre-berre det er snakk om her, det er senatet, og senatet var i sesjon, så ein må nok rekne med ein viss formalisme, og ein høfleg form; Caesar burde nok ha sagt óg så De Brutus - men han valte altså å vere dus, med sin mordar.

Det finnes ulike måter å forklare akkurat dette fenomenet på. Det er jo rom for ein viss intimitet mellom Caesar og Brutus, dei var nok "dus" utanfor senatet, og det kan jo hende at ein såg mellom fingrane på dette i Senatet. Ein vil jo spørre seg, er ikkje eit drap nok til å øydeleggje eit slikt forhold? Nei, ikkje nødvendig i Roma, og absolutt ikkje for Caesar som hadde ført krig mot fleire av sine næraste venner. Så det kan jo hende at det er dette som er grunnen til den vulgære og uformelle tonen mellom Caesar og hans håpefulle drapsmann, ein kan óg sjå situasjonen i augene. Det var tross alt eit drap det var snakk om, det er ein rimeleg intim situasjon det óg. Eg skulle tru at ein kanskje kan vere dus med sine drapsmenn, om ein ser stort på det, men det er ikkje det eg ville ha valt. Det vart foreslått for meg at Caesar kanskje nytta dusformen fullstendig medvite i eit forsøk på å sette sine drapsmenn, senatorane på plass. Ved å omtale Brutus som du, og ikkje De, opphever han formaliteten ved senatets sesjon, og slik erklære senatorane som uverdige i hans auge. Ved å ty til uformelle erklæringer opphever han senatssesjonen og ugyldiggjer den. Óg, eventuelt, kan han faktisk ha sneke det inn som ei fornærming.

Alt dette er sjølvsagt vanskeleg å seie sikkert, faktisk, er det rimeleg usikkert om han sa noko som helst då han vart drept. Det var ingen stenograf til stades, og nokre seier tilogmed han faktisk sa óg så du, Brutus, men ikkje på Latin, men Gresk og at dette vart av vitnene omsatt til Latin. Det gjer det heile mykje vanskelegare å døme. Særleg sidan eg kan enno mindre Gresk enn Latin.

Ei fortolking, eller eit siste ord om ein vil, om Caesars føyande ord er det at hans bruk av du-formen kanskje seier noko om han. Han var ikkje ein mann som heva seg over andre, sjølv etter at han vart satt inn som diktator av senatet. Han var ein folkets mann, ein egalitær demokrat. Med sine døyande ord, understrekast kanskje det allar viktigste ved Gaius Julius Caesar, at han alltid, sjølv døyande i ein blodpøl på senatsgolvet, var han dus med oss alle, han var ein av oss. Sjølv når vi skuffa han.

[Kommentar: Då eldre språk ikkje er mi sterkaste side, så var det jo alltid rom for at ting kunne lesast på eit anna vis. Noko som førte til eit dementi av eit slag eit par dagar seinare. Eg nekta sjølvsagt å innrøme noko feil i fortolkinga sjølvsagt]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar