onsdag 22. februar 2006

Gaius Julius Caesars død

Eg er veldig glad i romersk historie, og særleg då alt som har med Gaius Julius Caesar å gjere. Det er ikkje så uvanleg skulle eg tru, Romarriket hadde mykje bra til seg, og han Julius var ein verkeleg grepa kar.

Eg har i den forbinding bestemt meg for å dele nokre tanker om dette, og i første omgang rundt Caesar sin berømte død i senatet - myrda av utakksame senatorar. Dette er ei hending som plager meg, og eg tenkjer same tanken kvar gong eg les ei skildring av hendinga eller ser ei filmatisseringa av den - var det eigentleg nødvendig, folkens? På mange måter demonstrerte senatet der folkevalte forsamlingar si verste side, men det er ei anna soge i seg sjølv. Det som irriterar meg er at kvar gong eg les om Caesar, eller ser ein film om han, så ender det med at han døyr - og eg vert like skuffa kvar gong han ligg og blør i hel i senatet. Eg håper alltid til det siste at han skal klare det - denne gongen. Og eg vert like skuffa kvar gong! Kan han ikkje ha på seg ei brynje under togaen? Berre for ein gongs skuld, kan han ikkje sparke vekk Brutus og dei andre med eit Kung-fu spark eller to, og ta saltomortale ned senattrappa? Berre ein gong? Kan han ikkje vakne frå koma i andre sesong av HBO sin Rome? Kan han kome attende? Vi treng ein Caesar til å redde demokratiet, til å redde republikken - vi treng ein folkets mann! Og Julius er tross alt mykje betre enn både Hitler og Bush.

Men akk... nei, Caesar er død; Sic Transit Gloria Mundi. Men berre ein gong hadde eg hatt lyst til å sjå han overleve og rydde opp i den Romerske republikken med sin stødige hand. Ein dag vil eg sjå han overleve midten av mars og rocke vilt inn i både april og mai.

Kanskje eg skal skrive ei bok om det?

[Kommentar: Dette var første gongen eg kom inn på ideen om at Caesar fortente ein meir verdig avslutting, og at dette burde knyttast til Kung Fu på eit eller anna vis. I kommentarane var det stor semje om at eg burde forfølgje eit bokmanus, medan andre meinte at dette høyrde heime i filmens verd. Nokon foreslo John Carpenter og Kurt Russell som radarparet som kunne gjere dette til verklighet.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar