søndag 5. mars 2006

Caesars sal av bjørneskinn

Det er ein velkjend sak at vår venn Gaius Julius Caesar var godt åtvara om kva som kunne hende han på den 15. mars, det som på romersk tid var kalla Ides av mars - "Beware the Ides of March" er gjerne den klassiske replikken som vert tilskreven Spurinna då Caesar ofra til Gudane for god lukke. Ryktane seier óg at Caesars offer viste seg å vere manko eit hjarte! Og dette var ikkje alt, nei, åtvaringar i nyopna graver og andre ting tydde på at ulukke snart ville råka den godaste Caesar. Det seiast óg at den 14. mars, dagen før Ides, kom ein konge-fugl flygande inn i Pompeius sitt Curia, og der vart reven sund av andre fuglar. Vonde draumer og rare hint prega dei første to vekene av mars år 44 f. kr., og alt tydde på at her ville noko skje.


Så kom Ides. Og Caesar fekk ei ny åtvaring i hendene, ei skildring av konspirasjonen mot han, nedkskreven på ein papirrull han aldri fekk lest på grunn av den påtrengande folkemengda. Det seiast så, at Caesar på ny traff Spurinna, og Caesar sa då: Sjå her, Ides er komen, og ingen ulukke!

Ides er komen
, svarte Spurinna, men ikkje gått.

Kort tid etter, låg Caesar og gulpa opp blod på senatsgolvet, og ein kan trygt seie at han solgte skinnet før bjørnen var skoten med sine ord til Spurinna. Og det er vel dels ein moral ein kan ta med seg av denne soga. Om dine ofringar manglar hjarte, og spåfolk ber deg passe deg for visse datoar, vent gjerne til etter midnatt med å puste roleg ut... og ta gjerne hensyn til andre tidssoner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar