onsdag 15. mars 2006

Ides av Mars! Ver på vakt!

Enten Caesars siste ord var Tu quoque, Brute, fili mi?, Kai su, teknon? Et tu Brute? Eller simpelthen berre Faen ta deg, Brutus!, er dette dagen han sa det på. Vi har komen til 15. mars, Ides av Mars og dagen omtalt i Spurinna sin åtvaring til Caesar, udøydleggjort av Shakespear si tolking; BEWARE THE IDES OF MARCH! Den romerske kalendar, som de sikkert er klar over, hadde ingen datoar slik vi er kjend med dei, heller fokuserte dei på tre dager i månaden, og rekna alle andre dager i forhold til dei, ved å telje bakover. Dei tre dagane var Kalends (den første), Nones (den sjunde) og sjølvsagt Ides (den femtande). Andre mars var til dømes femte Nones, medan tolvte mars ville vere tredje Ides av mars. Eit slikt kalendarsystem kombinert med deira famøse romartal, var det strengt tatt overraskande at Romarane i det heile tatt klarte å halde rede på noko som helst. Det seier vel sitt om kor overlegen den Romerske kultur var, og kor overlegen dei Romerske Stastmenn må ha vert. Og framst av desse Stastmenn var då ingen ringare enn Gaius Julius Caesar, den første Caesar - altså keisar - av den Romerske Imperiet. Han vart fulgt mindre heldige menn som til dømes Tiberius, og den fabelaktige Caligula - kjend som ein hesteelskar. Det er altså i dag, den 15. mars, vi kan minnast Caesars død i år 46 før Kristus, og det tykkjer eg verkeleg at alle burde ta seg tid til.

Caesar var som vi tidlegare har vore inne på, ein folkets mann, ein rettferdens og fridomens mann, ein mann som gjorde alt for det Romerske folk og dets rikdom. Enten dette no bestod av å slakte Galliske terroristar, eller jakte ned sine venner i Senatet over halve kloda under borgarkrigen. Det var dei som tok det ein smule ille opp, då han braut den allerhelligste Romerske lov og tok hæren sin over elva Rubicon og inn i sjølvaste Roma - men Senatet hadde tross alt bedt han kome, sjølv det var for rettergang og truleg henretting. I sin store kjærleik for det Romerske folk, som han hadde risikert liv og lemmer for i mange år ved fronten mot Galliske og Germanske terroristpakk (Les Asterix, Obelix og ymse Dansker og Gotere). Det vart jo sjølvsagt openbart at Senatet var på ville veier då dei meinte han var for mektig og populær til å la vere i live, men det var no endeleg det dei gjorde. Han måtte difor ta affære og ta kontroll over Roma - dette sjølvsagt berre etter at store delar av senatet (deriblant Brutus, Pompei og andre av hans beste venner) hadde flykta og starta ein borgarkrig mot Caesar. Caesar, om enn undertalig, var deira overmann, men han valte å gå fram med det kjærlege omsyn han var så kjend for. Når han hærtok region etter region for å fange senaetet, var ikkje det for å straffe dei som forrådte han, men for å gje dei ein salig gruppeklem. Ja, alle som vart tatt i live, vart tilgjeven, og gjett sine posisjonar attende - deriblant Brutus. Dette var noko Cato, burde tenkt på før han røska ut sine involler då Caesars hær nærma seg, eller forsåvidt noko både Pompei og Egyptarane burde hatt i tankane. Då Pompei kom til Egypt, vart han halshogd av egyptarane som trudde dei gjorde Caesar ei teneste, dette førte sjølvsagt til at Caesar plasserte Cleopatra på trona istadenfor dritungen som satt der då han ankom.

Det hjalp dessverre ikkje at Caesar var god mot sine venner og fiender. Dei frykta hans popularitet, og det at han kunne leggje krav på guddomlighet og at dei sjølv lot han verte Diktator på livstid. Og av denne grunn samla dei seg i løyndom og konspirerte. Og då Senatet vart samla på Ides av Mars år 46 før Kristus, vart Caesars karriere brutalt avslutta. Han mottok søknadene frå senatorane, som vanleg, men brått vart han stukken ned av Servilius Casca, etterfulgt av dei andre konspiratørane, inkludert Brutus. Observant som alltid, skreik den gamle hærføraren Caesar; "Men dette er jo vald?!", og det hadde nok rett i, men senatorane høyrde ikkje. 23 knivhogg fekk han på denne dag, og blødde i hel på golvet der han hadde tent det Romerske folk i så mange posisjonar.


Historie er fascinerande kva?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar