torsdag 6. april 2006

Caesar i Turkmenistan?

Caesar har kanskje ikkje den store historikken med den tidlegare Sovjetrepublikken Turkmenistan. så er det sagt med ein gong - samanhenhengen ligg ein heilt annan stad, noko som vil verte klart om litt om ein følgjar med på følgjande tankerekker. Eg er ikkje åleine om å verdsette folkehelten og statsmannen Caesar, han er mellom anna veldig populær blant ymse romanophile fascistar der ute. Det er noko eige med denne mannen, som eg ofte har påpeikt, som overtok den Romerske Republikk og vart diktator på (forholdsvis kort) livstid, og er rekna som den første Caesar (keisar) av det Romerske Keisarriket. På tross av hans stadige lovnadar om det motsatte frykta Senatet at Caesar var ein tyrann som ville knuse den demokratiske republikken, hans enorme popularitet som hærførar hadde tidlegare tvungen senatet til å ville stille han til retten. Som Diktator frykta Senatet den enorme personlighetskulten rundt Caesars person, dei frykta hans guddomleggjering - at Caesar skulle verte opphøgd som Gud. Dette var ein av grunnane til at dei drap han.

Og ein kan gjerne seie at slike menn, som Caesar var, skaper ein ikkje lenger, men det er vel ikkje heilt sant. Elvis er ein Gud for mange, og personlighetsdyrkinga rundt John F. Kennedy, er ikkje mykje sunn den heller, men eg vil vende blikket mot Saparmurat Niyazov i Turkmenistan. Mange vil vel gjerne hevde at dette er ein mann i Caesars stil, og som ein av dei som i svake augneblink sutrar over Caesars død og behover for ein ny Caesar tykkjer eg at det er viktig å ta denne mannen nærare i ettersyn. Det som følgjer vil altså vere ein freistnad på dette, samt ei vurdering av Turkmenistan i seg sjølv.

Saparmurat Niyazov var ein liten sovjetbyråkrat fram til 1985 då han vart valt til leiar for Kommunistpartiet (politbyrået tenkjer vi seier) i Turkmenistan. Han behaldt makta si i 1991 då Sovjet Unionen vart oppløyst (og alle desse Stan'ane spratt opp som paddehattar), no som leiar Turkmenistans Demokratiske Parti - det einaste lovlege partiet i landet. Ikkje berre er hans parti einerådande, men Saparmurat Niyazov har hatt vet nok til å erklære seg sjølv President på Livstid, og han får dermed eit poeng på Caesar-skalaen. Strengt tatt var det faktisk folkeforsamlinga som den 28. desember 1999 erklærte Saparmurat Niyazov for President på Livstid, nett slik Senatet gav makt til Caesar. Poeng. Folkeforsamlinga vart valt ei veke tidlegare i eit val der alle kandidatane var handplukka av Saparmurat Niyazov. Senatet som regjerte under Caesar hadde óg ein del handplukka menn, men óg ein del frå den gamle garden, så her vert det ikkje ekstra poeng.

Ute av synet, ute av sinn, seier dei, og med den ateistiske Sovjet Unionen ute av bilete vart Saparmurat Niyazov ein svoren muslim, og Turkmenistan vart ein islamsk stat. Vel, Islamsk med visse modifikasjoner. Presidenten på Livstid hyllast av folkemassane, og ein personlighetskultus veks opp rundt han - nok eit poeng på Caesar-skalaen, og Saparmurat Niyazov gjer det bra foreløpeg. Saparmurat Niyazov vert av sine tilhengjarar omtalt som Turkmenbashi som røft oversatt tyder noko slikt som leiaren av alle Turkmenn. Andletet hans er å finne på vodkaflasker og pengesedler, samt er det logoen for den Statlege fjernsynskanalen. Vi skal heller ikkje ignorere det faktum at alle klokker i landet har hans andlet, at fleire statlege institusjoner er oppkalla etter mora hans, og vekedagane har fått namn etter familiemedlemmene hans. I hovudstaden kan ein sjå ein 15 meter høg statue av Turkmenistans elskede Turkmenbashi, den er i det minste gullbelagt, men rykta seier det er solid gull, og den roterar slik at Turkmenbashi alltid ser mot sola.

Og... vi er ikkje ferdige. Hans store verk, Ruhnama, gjev folk moralske og religiøs inspirasjon i kvardagen og er obligatorisk lesnad. Den er pålagt å stå utstilt i alle bokhandlarar og bibliotek, samt offentlege bygningar. I landets moskear skal den stå ved sida av og likestilt med den Heilage Koranen. Saparmurat Niyazov erklærte i Mars i år at etter djupe samtaler med Allah er det no bestemt at alle som les og studerar Ruhnama tre gonger får automatisk tilgang til paradis. I hovudstaden vil du kunne finne ein enorm, motorisert utgåve av boka, som kvar kveld klokka 8 opner seg, og publikum vil då få høyre utvalte utdrag frå boka supplert med oppløftande video.

Ein kvar som omtalar boka negativt, eller på noko som helst vis trekk den i tvil gjer seg skuldeg i å vanære Presidenten. Straffa for dette kan variere frå konfiskering av eigedom, fengselsstraff og tortur - gjerne for gjerningmannens familie óg. Religiøs og politisk fridom er sjølvsagt fullstendig ikkje-eksisterande, og du bør gjerne leggje frå deg menneskerettande dine ved innsjekking om du vil busette deg i Turkmenistan. For å gjere det heile perfekt er landets motto: "Halk! Watan! Türkmenbashi!", omsatt: "Folk! Moderland! Leiar!". For dei som tykkjer dette minner om noko vi har høyrd før... så er nok det eit teikn på at dei har fulgt med i historietimen.

Eg trur ærleg talt at Turkmenbashi langt overgår Caesar på mange vis, men først og framst i skivebom. For dei som ikkje visste betre vil ein gjerne tru at det eg har skildra er ein trugsel mot fred, fridom og demokrati i verda, og at Turkmenistan er på lista over slemmingar som skal takast i disse dager. Dette er sjølvsagt langt frå sanninga, Turkmenistan gjev tross alt frie tøyler til utanlandske gass- og oljeselskap, så dei er våre venner.

Vil du verte opplyst? Då kan du sette deg inn i Ruhnama her. Lukke til.

Og forøvreg er det mi oppfatting at Turkmenistan bør bombast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar