laurdag 20. mai 2006

Den store nonnejakta

Er det berre eg som har lagt merke til at når ein treff nonner ute på gata så er det stort sett eldre, rynka kvinner? Ikkje noko Sound of Music her, nei. Greit, eg kjenner eit par jenter som var i kloster i byrjinga av 20-åra (ikkje 20-talet), og dei ser jo langt ifrå ut som eldre kvinner. No var ikkje dei nonner heller, dei berre jobba i klosteret, og uansett kor mykje eg skulle likt å tenkt på dei som nonner - så har dei vel prova for meg at dei ikkje er det. Og neppe var det heller.

Det får meg til å spørre, kvar er dei unge nonnane hen? Kvar er dei spretne jentene som hadde vore populære på byen, men som har valt å forsaka verdsleg liv og kjærleik, for Gud? Eg ber ikkje om 20-åringar, 30-åringer held lenge det, eg vil berre sjå yngre nonner på gata. For dei må jo vere der ute, må dei ikkje? Eg har lenge mistenkt at dei gøymer seg, at dei venter til dei vert eldre med å gå ut.

Og i går såg eg faktisk ei slik nonne på gata, medan eg var ute og vandra. Eg måtte stogge opp og følgje ekstra nøye med då ho passerte, men ho kan umogleg ha vore eldre enn 32, og gjekk i følgje med to eldre nonner og talte med dei på beskjedent vis.

Instinkta mine tok over, og eg måtte berre følgje etter i håp om at dei tok meg attende til redet sitt. Eg spaserte roleg etter trioen på trygg avstand, utan å verte oppdaga, og fulgte dei heilt til ein murbygg i utkanten av Bergen sentrum. Etter dei hadde forsvunne inn, prøvde eg døra sjølv, og den var heldigvis ulåst, så eg spratt inn. Eg haldt meg tett langs veggen, for å ikkje verte oppdaga, i det eg passerte mange høge søyler i ein dårleg belyst inngangshall. Etter kvart roa eg meg ned, då eg innsåg at det var ingen ute og gjekk her, for eg høyrde stemmer frå bak ein stor dobbeltdør av eik - syngande stemmer. Det var messe, og alle nonnane var bak denne døra. Etter ein kjapp runde rundt i hallen fann eg eit mørkt veggteppe eg kunne rive ned og svøpe meg sjølv i. Det funka dårleg som nonneforkleding, men det ville truleg funke på avstand.

Eg smatt inn døra til messa, og på ny klynga eg meg opp til veggen, og fann meg ein mørk krok eg kunne observere usett ifrå. Eg var i eit stort rom, full av nonner som knelte på ti-tolv rekker, vendt mot ei scene med eit altar på, opplyst av haugevis av stearinlys. På veggen hang eit svært krusifiks, med Jesus smilande ned på meg og nonnene, og over krusifikset eit svært helgenbilete. Det som må ha vore abedinna eller noko slikt - ho likna litt på Erna Solberg faktisk - tok over så snart dei var ferdige å synge, og haldt ein tale av eit slag på latin - med ein klar bergensk aksent. Latinen min er langt ifrå stødig, men eg forstod at ho mot slutta kalla dei unge novisene opp til altaret for å gjenta sin ed til Gud. Og då såg eg dei! Eit titals unge nonner, i aldar tjue til femogtredve, vandra stille og roleg opp til altaret og stilte seg på ei rekke, andletet mot altaret. Og det som skjedde så hadde eg vanskeleg for å tru, sakte men sikkert glei nonnedraktene av dei, og dei stod nakne med armene strekt mot Jesus og helgenbiletet over han. I kor avla dei ein ed om å fråseie seg den verdslege verda og for alltid tilhøyre hans tenerinne på jorda. Og det var då eg attkjendte kvinna på helgenbiletet - det var Valgerd Svarstad Haugland!!

Eg kunne ikkje la vere å gispe då eg innsåg kva eg var vitne til! Det var ein nonnesekt som var underlagt vår tidlegare kulturminister! Dei bakerste nonnane må ha høyrd meg, for dei snudde seg mot meg, og før eg ante ordet av det var heile salen merksam på meg der eg stod svøpt i eit veggteppe. Eit umenneskeleg gryl kom frå abedinna som peikte mot meg truande, og eg kasta meg ut døra i det den store nonnemassa kom seg i rørsle. Eg var derimot ikkje komen langt mot ytterdøra derimot før dei eksploderte ut av det store forsamlingsrommet i helane på meg, og dei haldt fram å springe etter meg i det eg kom ut på gata. Så der var eg, raudsprengt i trynet, med eit veggteppe framleis slepande etter handa, med eit tjuetals eldre nonner i helane, springande i retning Torgallmeningen i Bergen. Eg hadde eit håp, og det var at dei ville slutte å jakte på meg då eg kom ut blant vitner. Og det gjorde dei... til slutt. Etter ein jakt gjennom Bergen som eg trudde skulle bli min siste fann eg endeleg skjul iblant folkemengda på Galleriet.

Eg skriv dette for at folk skal vete kva farer som eksisterar der ute. Dei sett ikkje pris på å verte oppdaga, og i Valgerd sitt namn vil eg snart verte drept. Det vil sjå ut som eit uhell, men de som les dette veit sanninga. Veit sanninga om Valgerd og hennar underlege smil. Veit sanninga om dei unge nonnane. Veit at eg har sett redet... eg har sett dei unge nonner!

[Kommentar: Dette var eit av dei første eksperimenta med tekst til sjølvbiografien. I si endelege form vil historia verte mykje lengre, og dekke langt fleire detaljar frå avgudsdyrkinga. Dei første reaksjonane på teksten var faktisk ei ønskje om ei bok med mine eventyr.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar