laurdag 23. desember 2006

Turkmenbashi, død som ein dronte

Turkmenistan sin store Caesar-imitator, Turkmenbashi døydde iløpet av veka. Vi er usikre på nøyaktig kvatid, ettersom dei valte å halde det løynd til ein kunne merke lukta i hovudgata.

Eg har tidlegare uttrykt at vi må bombe Turkmenistan, dette vennlegsinna diktaturet som gjorde skam på islam og despotismen, men eg er villig no til å la dei gå. For å lese meir om Turkmenbashi og Turkmenistan, så foreslår eg at de oppdaterar dykk her.

Kva som hender i Turkmenistan no er ukjendt ettersom det ikkje finnes verken opposisjon eller openbare etterfølgjarar til presidenten-på-livstid, men eg reknar med at dei no tråler galehusa i Turkmenistan og nærliggjande land etter nokon som er like gal som det Turkmenbashi var... han har etterlatt seg eit par umoglege tøfler å fylle, og det er uvisst kva som skal skje med dei utallige statuane av han rundtomkring i landet.

Og kva med vekedager og månader? Usikkert. Skal dei få normale namn att? Kven veit?

Alt vi veit er at gravferda er planlagt for i morgon og at det sikkert vert ei triveleg affære.

For ein ting er sikkert... Turkmenistan har blitt bomba... på sitt vis. Turkmenbashi - kvil i suppe.

[Kommentar: Etter Turkmenbashi sin død var det fleire som ytra ønskje om at eg skulle ta hans plass som klovnediktator, eg var diverre ikkje snar nok. Så lik mitt forsøk på å verte pave, måtte eg berre gløyme å verte Turkmenbashi. Kanskje det er von for meg å verte Kalif istadenfor Kalifen? Biletet er forøvreg behørig stolen frå Travel-Pictures-Gallery.com for høvet.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar