søndag 14. januar 2007

Den gamle skuledansen...

Vi hugser alle korleis det var å vere ung. Usikker og famlande i møte med andre, særleg det motsatte kjønn. Ein visste ikkje korleis ein skulle oppføre seg eller seie, korleis ein skulle reagere på kva dei gjorde eller sa. Alt var så nytt, så framand, så skummelt. Korleis skulle ein tolke eit smil? Eller eit klyp i armen? Eit lite blikk?

På fleire vis heng mykje av denne usikkerheten av denne att i mange.

Aldri var dette meir tydleg enn på skuledansane. Desse jamnlege festlighetane der dei populære og vellukka skulle skillast frå mobbeofra og taparane. Eit eldgamalt og verdig ritual i sann sosialdarwinistisk and. Ein ser faktisk dei same mønstra idag på dei fleste utestader, men det er aldri så tydleg som på ein skuledans, helst i gymsalen. Smilande og keitete barn som gjer små steg mot kvarandre, mot å utforske kvarandre, usikre tilogmed på kvifor dei gjer det. Det er eigentleg utruleg søtt...

Berre ta ein kikk på desse ungdomane:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar