onsdag 17. januar 2007

Klon meg ein pus

For nokre år sidan kunne dei iherdige forskarane ved Clonaid annonsere at dei hadde klona fram eit menneske. Verda trudde dei ikkje. Sidan den tid har dei trossa anklager om både fjusk og uetisk forsking og hevder no å ha klona 13 menneske, som lev trygt på løynde plasser rundt i verda.

Alt med det formål å perfeksjonere teknikker som skal gje oss menneske evig liv, og gjere oss verdige til å møte våre skaparar, Elohim, som vil ankome sin jordlege ambasade i 2035. For slik vi er eit produkt av deira genetiske eksperiment skal vi snart ta til stjernene og befolka andre planeter med våre folkeslag - og slik er den evige syklus.

Vel, eg veit ikkje om det er ein del av den store planen eller det er ein sidetur, men no annonserar Clonaid på sine heimesider at dei vil ta kloneteknologien i ny retning - CLONAPET™:
CLONAID™ will soon offer a new service: the cloning of pets to wealthy individuals who wish to see their lost pet brought back to life. This service will also be offered to the owners of racing horses.
Der høyrer du! Du er ikkje lenger begrensa til å klone fram små barn, eller ta forsikringsklone av deg sjølv (for evig liv eller berre reservedeler), du kan no gje dine kjæledyr evig liv. Konge!

Eg angrar no på at eg ikkje tok vare på ein bit av kattepusen eg hadde då eg var liten. Den var så fiiin. Saknar pus, gjer eg. Hadde eg hatt høve så hadde eg gjerne klona han fram att. Gjerne med eit par forbetringar... som til dømes, eg ville gjort han allergifri. Det er så kjipt med rennande naser og auger og whatnot.

Og så... når ein først er inne på det, så hadde det jo vore morosamt å kanskje endre litt på stemmebandet til kattepusen? Slik at den kunne simulere snakking, slik som pappegøyer. Og kanskje, tilogmed kanskje, gje den vinger? Den kunne blitt ein Kattegøye! Eller Pappepus! Eller var det Pusegøye?

Uansett, framtida er her - iallefall om du trur at romvesen skapte oss i eit laboriatorium, slik dei tapre forskarane ved Clonaid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar