torsdag 4. januar 2007

Max Wright, ein fallen helt?

Verda er ein snurrig stad... og eg slutter stadig å tru at den kan overraske eller sjokkere... så skjer det att. Ikkje at eg har ein tendens til å tru det sladderpressa skriv om det eine eller det andre, men nokre ting... berre sett sitt spor. Helst dei ting ein nekter å tru...


Ta no saka som eg idag tenkjer på. Om vår alles kjære Max Wright, den besynderlege skodespelaren som spelte Pappa Tanner i serien om romvesenet ALF på 80-talet, og som seinare dukka opp som den sure grinebitande sjefen i The Norm Show. Eit herleg stykke mannfolk, skapt til å spele anale, frigide, konservative surpomper. Fantastisk mann. Ein helt for mange.

Kor mange av oss er villige til å tru at samstundes som han spelte i The Norm Show hadde han eit obskønt sidesprang med sin homofile elskar? Ikkje eg. Vanskelegare er det framleis å tru at han ilag med sine homofile elskar skal ha nytta kokain og crack, og at dei leigde inn uteliggjarar til å ha sex med... verre vert det når ein får servert bilete av vår kjære Max Wright der han ikkje berre sug på crackpipa (vakre bilete forsåvidt), men gjer seg klar til å ha sex med ein hårete gamal uteliggjar. Det heile vart filma av hans homofile elskar.

Vi kan leve med at han har eit alkoholproblem og har køyrd ned både det eine og det andre... men dette er berre for mykje.
(Trykk på bilete for større versjon)
Eg er berre mållaus... det kan ikkje vere sant... men her er bileta iallefall. Eg treng ein klem...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar