onsdag 28. mars 2007

Avhengig av merksemd

Vi rettskafne menneske høyrer ofte dei uopplyste protestere at pandabjørnar er søte, og dermed skal dei vere ufarlege. Dei ser ikkje korleis pandaens livsstil er ei dårleg innflyting på menneske, og ikkje berre oppfordrar til latskap og hedonistisk bambuseting, men tvinger óg dei som fell for deira sjarm til å halde liv i dei. Som villige slavar.

Spør ein seg sjølv korleis dette går til er jo faktisk svaret enkelt. Pandaene oppfordrar ein til å gje dei merksemd, til å tykkje dei er søte. Dei gjer seg til for kamera, stirrer mot oss med store triste auge og gnaker uskuldeg på bambusen vel vitande om kva effekt det har på folk. Og vel vitande om at folk flest ikkje anar kva effekt det har på pandaen.

Vi ekspertar, som har utforska pandaens psyke og fysiologi, veit at pandaen nærar seg både fysisk og mentalt på merksemd. Dei er på sett og vis avhengig av oss, deira villege slavar og publikum. Jo, meir merksemd dei får, jo sterkare vert dei - og motsett. Noko ei sak i Tyskland viste, der ein nyfødd isbjørnunge stal all merksemda frå ein 22 år gamal panda med namn Yan Yan. I mangel på sin vante, og nødvendige merksemd, fall Yan Yan om - død. Utsvelta på merksemd. Det er mer andre ord soleklart korleis dei kan leve på så mager kost som bambus og framleis verte feite - det er ikkje deira primærkjelde for næring. Vi er!

Og om de trur at det er ein enkel sak å byrje å oversjå desse vesena, så vit at dei er villige til å gå ganske langt for merksemd og for å verke "søte". Berre sjå på dette:

Men dette er óg deira svake side, som vi, i kombinasjon med solide jaktrifler, kan nytte oss av i vårt desperate forsvar mot pandaens komande terrorvelde over jorda.
 
[Kommentar: Innlegget førte til ein del prinsipielle diskusjonar rundt tunga til pandaGene Simmons, og korvidt tekstleg omtale var det same som å gje merksemd. Dette er sjølvsagt vanlege spørsmål, men vi trur at tunga er lang, og at blikket er det viktigaste for å nære pandabjørnanes apetitt. Knut vart eit ynda tema dei neste åra før han døde i mars 2011. Truleg forgifta av Pandamonium i ein hensynslaust og nøye planlagd hemnaksjon.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar