laurdag 14. april 2007

Lille kattepusen

Eg er, naturleg nok, glad i pusekatter. Pusekatter er søte, yndige dyr som oser av sjølvtillit og intelligens. Dei er like sjølvstendige som dei er gode og mjuke, og dei er trufaste når vi er trufaste mot dei.

Kattar finn ein i respekterte posisjonar verda over. Dei var dyrka som guddomlege i det gamle Egypt, og her til lands bukkar vi og skrapar for våre katter, som eig oss totalt. Sjølv barske krigarar må stogge på sin veg og klappe på ein pus når den forlangar det.
Eg berre seier det, kattepuser er best. Eg vil ha meg ein kattepus.

[Oppdatering: Eg vil framleis ha kattepus. For eit par år sidan pådrog eg meg ei kvinne med to flotte kattepusar, men dei måtte nok bli med henne då ho pakka tingane sine og forsvann. Innleggjet vekte stor entusiasme. Alle likar jo kattepusar og flotte unge menn i stramme fine uniformer. Så dette er jo ein vinnvinn.

Trass i at dei rekrutterte katteelskarar tapte det tredje riket krigen.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar