torsdag 10. mai 2007

Ny karriere?

Eg ser meg stadig rundt etter nye karrierar, enten det er i einsatzgruppens polske kokkebataljon eller som pave. Her forleden vart det foreslått at eg kunne klare meg fint som fribrytar. Og det slo meg at kanskje det var noko i det. Så frå september av, så er det vel kanskje ikkje så lite usannsynleg at ein kjem til sjå Mad Mullah Hastur i aksjon, for Allah og skumgummi!

Forslaget kom frå min gamle venn jbq, som inspirert av dette biletet frå forrige gong eg stilte til kommuneval meinte at eg kunne overføre noko av min politiske finesse til fribrytararenaen.

Trur de nokon av dei kara vil verte overtydd av mi politiske kløkt?

[Kommentar: Responsen til dette innleggjet var blanda, frå vår venn Dronten som bestemte seg for at Mad Mullah Hastur skulle vere mitt namn i lang tid framover, til Kaptein Sinnsfrisk som insisterte på å utfordre meg til ein tvekamp;
"Virile Vegard! mannen som egenhendig banka WWF! (Naturfolka, ikkje fribrytarane) Helten som redda polen frå utsletting gjennom å befrukte alle kvinnene deira! Guden som sørga for at nildeltaet er så sjukt fruktbart! Kisen som egentlig drap både JFK og John Lennon! Låvver åff småll førri kittens evryveer! Utfordrar herved Mad Mullah Hastur til tvekamp! Gje meg tid og stad , og eg skal sørge for at du får både dabb og kless på mest mogleg underhaldandes måte! Ingen svar!? HAHAHAHAHAHA eg ler av frykta di! Mad Mullah Hastur? Pysete Pusen Hastur seier eg!"

Mitt svar var enkelt;
"Lay it on me biatch! Eg tar deg kvatidsomhelst, kvarsomhelst, din kortvokste dvergape! Det er eit mirakel om ein spåmann kan spå i det som vil vere att av dine innvollar!"

Jbq meldte seg som domar, og eg erklærte at utfordrar kunne ordne det praktiske, så skulle eg ta meg av talentet. Det endte som det måtte gå, vi møttes til mann-mot-mann action på ei brygge i Øyane i Os kommune. Kampen vart lenge, og var hard (for enkelte dvergar), men til slutt sigra rettferd, mullah og Islams makt over dei kortvokste, og eg tok med meg min knuste motstandar og hans fru heim til meg.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar