laurdag 30. juni 2007

Dei lange knivars natt

Ernst "Koseklumpen" Roehm
Denne dagen, 30. juni, er kjendt som "Dei lange knivars natt", ei henvising til hendingar som først og framst fann stad den 29. juni og den påfølgjande natta og dagen i 1934. Dagen markerte kursen det nazistiske Tredje Riket ville ta i åra framover, og plasserte regimet i klar opposisjon til radikale og anti-konservative krefter.

Aksjonen var vel førebudd, Hitler, Himmler og Gøring leia sjølv an i å sette opp lister over forrædarar innad i partiet, og for ein del konservative motstandarar utanfor. Nazistane hadde berre i kort tid vore i maktposisjon i statsapparatet, etter å ha vunne fram på ein plattform som appelerte både til sosialistiske arbeidarar og konservative industrieigarar, deira hovudmål var alltid jødane og kommunistane. No når dei hadde makta var det dei stemmer innad som ønskte ein ny revolusjon, ein som tok eit oppgjær med kapitalistane og dei konservative kreftane i samfunnet. Dei kraftigste stemmane her var Strasserbrødrane og Hitlers gamle kampfelle Ernst Roehm, leiaren for Sturmabteilung, brunskjortane.


Dette er den dag rekna som kjerna i den venstreorienterte sosialistiske fløyen av nazipartiet. Deira fiendar var ikkje berre dei anti-nasjonalistiske kommunistane, men óg industriherrane som undertrykte folket. Dei anklaga Hitler for å ha inngått i ein usunn allianse med dei.

SA sitt klassiske speidermerke
Og det hadde dei forsåvidt rett i. Roehm og SA var bøllar, reine gategjengar. Dei var vant med, og førebudd på, direkte fysisk konfrontasjon og var ikkje klar for Hitlers politiske renkespel. Det var eit forræderi av den nasjonalsosialistiske revolusjonen i deira auge, og all form for kompromissøking med industriherrane måtte stoggast. Borgarskapen på si side var uroa over utviklinga, og pressa partiet for å sette ein stoggar for dei. Det hjalp ikkje at Himmler og Gøring, misunnelege på Hitlers kjærleik for sin venn Ernst Roehm, hevda at han og Strasser planla eit statskupp.

Over heile landet vart framtredande radikale nazistar og rivalar til Himmler og Gøring arrestert. Ei liste over dei falne finn du her. Hitler sjølv deltok i arrestasjonen av Roehm og hans næraste; han storma ilag med Himmlers SS-menn inn på Wiesse der Roehm og fleire i leiinga var samla. Han beordra Roehm om å kle på seg, og verte med han. Stikkordet her at han måtte kle på seg, han var naturleg nok i selskap av ein mann som óg var avkledd. Det var ein kjendt sak at Roehm, på lik linje med store deler av SA-leiarskapen var praktiserande homofili. Noko Hitler ikkje hadde noko imot, men som Himmler forakta. Nazistane hadde lenge hatt sine forkjemparar av homofiles rettar i sine rekkjer, men med "Dei lange knivars natt" vart desse utsletta. Dette ville få konsekvensar, året etter vart lova mot homofili styrkja, dette skulle forsegle dei homofile til ein skjebne i konsentrasjonsleirane ilag med sigøynarar og jødar.

Roehm sjølv vart først benåda av sin venn Hitler. Men etter press frå Himmler og Gøring måtte han til slutt beordre han avretta. Roehm fekk instruks om å begå sjølvmord, då han nekta vart han skutt 2. juli.

Ein speidartropp frå SA på tur med onkel Doffen
I dag markerar mange dagen, særleg besynderlege nazistar som trur at Strasser og Roehm kunne ha redda partiet frå Hitlers katastrofale planar. Den Andre Revolusjonen ville ha vore redningen for det tyske folk hevdar dei. Det er dessverre vanskeleg å seie... einaste sikre er at homofile hadde vore tryggjare i det Tredje Riket med dei ved spakane. Dessverre hadde nok ikkje kommunistar eller jødar hatt det noko betre.

På den muntre sida, så er det kanskje verdt å merke seg at det er Skeive Dagar i Oslo for tida, og at dei markerar det eine og det andre. Eg tykkjer dei burde dedikert ein kveld til Roehm og hans glade brunskjorter, der vi alle kunne repetere dei siste dagane av Weimarrepublikken, for i mine auge var det på den 30. juni 1934 at Weimarrepublikken drog sitt siste andedrett. Eit Berlin utan glade, uniformerte homser er ikkje eit Berlin eg vil ha.

Neandertalaren David Lane
I år så samlast fleire nynazistar med andre tankar seg i dag óg. Dei markerar døden av deira største "tenkjar". David Eden Lane, som døydde 28. mai i år, medan han sonte ein lengre fengselsstraff for politisk drap. Forfattaren og drapsmannen var ein akta helt i miljøet, og er mannen bak nynazistens viktigste slagord - "14 ord"; "We must secure the existence of our people and a future for White children.". "14 ord" vert nytta som eit signal, ein kode, blant nynazistar over heile verda, og alle les hans skriveri med stor interesse. Deriblant hans pasjonerte argument for fleirkoneri. Eit av dei seinare argumenta kom i form av ei novelle i 2004 der han skildrar ein gruppe kvite menn som kidnapper unge jenter som har synda og dreve med raseblanding og nyttar dei til avl.

Som nynazistenes store "guru" vekka hans død sterke kjensler. Deriblant kunne ein lese hos ein gruppering av David Lane var myrda. Uansett kva dødssårsaka var, om det var naturleg, sjølvmord eller drap, så vart David Lane myrda av Z.O.G. Den sionistiske konspirasjonen som styrar USA og resten av vesten. Personleg finn eg det vanskeleg å forstå korleis naturlege dødsårsaker er drap... men så innehar eg kanskje ikkje eit overlegen arisk intellekt og full innsikt i den jødiske agenda. Å drepe nokon på eit så diskré vis er verkeleg... ein lang kniv.

[Kommentar: "Dei Lange Knivars Natt" sluttar aldri å fascinere, og ei aldri å vere aktuell. Det er ein dag som eg stadig vender attende til når eg vil forstå Det Tredje Riket. Og så er det moro med fleirkoneri, og rare sekteriske nazileiarar som går i penalet.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar