torsdag 28. juni 2007

Ein mobil forretningsmann?




Eg har fått meg ein ny mobil, og mobiler er strengt tatt ikkje det dei ein gong var. Særleg ikkje når du kjem litt opp i pris. Mobiler som denne, er jo heilt enorme saker. I dette tilfellet omtalar eg altså Nokia sin E65.

Dette er mobilen som kan alt og gjer alt. Den har GPS, GPRS, WLAN, G3, UMTS og leiter eg lenge nok finn eg nok eit vaffeljarn bakpå. Det er ikkje måte på, på den har eg installert officepakken og eit lite gmail program som held meg i kontakt med verda, og det trådlause nettverket gjer ting sabla enkelt. Ja, enten eg no vil ringe nokon på skype eller messenger.

Det heile er eigentleg for godt til å vere sant. Det er iallefall alt for komplisert for at eg skjønner det meste, eg veit ikkje heilt kvifor sjørøversongen frå Shagma speler på fullt volum når nokon ringar, men det er tydlegvis eg som har stilt det inn slik. Det er strengt tatt litt artig å ha ein liten PC i lomma, så eg klagar ikkje, litt forvirring må eg tåle.

Etterkvart som eg har lært meg telefonen å kjenne, er det ein ting som har slått meg: Eg er kanskje ikkje ein del av målgruppa for denne dyre og ganske fiffe telefonen. Det første teiknet er faktisk knappane på framsida. Knappen for konferansesamtalar er større og meir strategisk plassert (og lettare å trykkje på) enn knappen for vanlege samtalar. Litt urovekkjande er det ikkje? At ein av dei viktigste menyane på mobilen óg er "kontor", burde seie slikt. I tillegg berar kontaktlista preg over at alle kontaktane skal registrerast etter firma og yrkestittel. Fascinerande? Hastur har blitt ein mobil forretningsmann, og han svarar like gjerne på mail på bussen som heime og på kontoret. Faktisk skildrar bruksanvisinga korleis mobilens fleksible bruk av nettverk gjer at du kan byrje å skrive ein mail heime, og halde fram å skrive den medan du er på veg i jobb (eg kan berre anta at det er i ein taxi), og mobilen vil ta i bruk dei rette nettverka på vegen. Heilt fantastisk.

Det var akkurat det eg trengte.

Eg har sakna å lese om dei nyaste tilboda om Viagra når eg sitt på bussen.

Ærleg talt, så likar eg faktisk mobilen min. Det er eit leiketøy til ein verdi på fleire tusen kronar, og eg stortrives med å bruke den kvar dag. For å vere heilt ærleg? Så likar eg faktisk å kunne svare på mailen min uansett kvar eg er i verda. Og eg likar å kunne gå online på trådlause nettverk, sjølv når eg ikkje har dratt med meg heile laptoppen. Og ikkje minst, så tykkjer eg det er ganske knall å ha word-program i brystlomma.

Det einaste er... den er så liten. For alt sitt enorme innhald og mangfoldige funksjonar, så føles den så lita i handa, nett som andre moderne mobilar. Istadenfor at eg held eit formidabelt verkty i handa, følast det meir som om eg held dette:

Men eg vert vel vant til det óg. No når eg er mobil forretningsmann.

Om de lurar på korleis eg fekk hendene på dette vidunderet med min skrantande økonomi, så er svaret enkelt. Eg vert eldre snart, så denne er nok ei gåve. Ei ganske så stor gåve.

Om du óg vil gje meg ei gåve, så må du berre gjere det. Eg har gjort jobben enklare med denne lista hos bokhandelen.

[Kommentar: Huhei som tida går. Nokia vart i 2010t vraka til fordel for ein HTC Android. Denne utan tastar, med med ein touchfunksjonalitet utarbeida for små pikehender. Beklagar til alle som vart oppringt i hytt og pine under innarbeidingsfasa. Kommentarane til den originale saka gjekk litt i det vide og det breide - frå vaffellaging til meditative feriar på heimelagde strender i stova]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar