måndag 20. august 2007

Harun Yahya og Wordpress.com

Det finnes ein del gjengarar i mitt lille private arkiv med underhaldande gærningar, ein av dei dukka opp ved to ulike høve i det siste. Han skriv under namnet Harun Yahya, og er absolutt noko for seg sjølv.
Forestill deg ein fanatisk kreasjonist med eit blodig sinne mot Darwin, Evolusjonslæra og det materialistiske synet på verda og historia, ein religiøs fundamentalist godt planta på høgresida. Du byrjar å sjå han for deg no, sant? La oss i tillegg seie at han er ein reaksjonær og paranoid konspirasjonsteoretikar som er overtydd om at bak all faenskap i verda står Satans leigesoldatar - Frimurarane og jødiske Sionistar. Vi kan óg nemne at han meiner at desse kreftane er forkjemparar av den sataniske evolusjonslæra, og at Darwinismen er djevelens såkorn. Det er kort veg frå Darwin til reindyrka satanisme meiner han i fleire av sine skriftar om temaet. Faktisk går det føre seg slik - Darwinisme og materialisme føder fram vondskap på løpande band, som kommunisme, nazisme og satanisme. Alt dette er ein del av ein og same djevelske konspirasjon ifølgje Harun Yahya.

På eit tidspunkt hevdar han at den fæle sataniske Darwinisten Marilyn Manson er vokalist i djeveldyrkarbandet Cradle of Filth...

Er han gal nok no? Er du klar til å reise til statane for å ta deg ein alvorsprat med denne openbart gærne kristne fundamentalisten? Synd. For du vil ikkje finne han; Harun Yahya er ein muslimsk sektleiar i Tyrkia med namn Adnan Oktar.

Idag fekk han merksemd i på nettavisa forskning.no, der Erik Tunstad omtalar The Atlas of Creation, ei tung murstein på fleire hundre sider som Harun Yahya sin organisasjon har sendt rundt til skuler i Europa og Amerika, deriblant gratis. Denne boka freistar å motbevise evolusjonslæra med argument som sjølv den mest ihuga kreasjonist vil slite med å finne fornuft i. Gullkornet er at fosila viser at dyra aldri har endra seg, at alle fosil berre viser det dyrelivet som eksisterar idag. Fantastisk vrøvl, men det funkar visst godt nok til å overtyde hans tilhengjarar. Heldigvis funkar det dårleg på den norske lærarstanden.

I helgja har derimot Harun Yahya (eg likar det namnet, og eg boblar over med dårlege namnevitsar, men eg skal la vere denne gongen), tiltrukke seg merksemd frå ein heilt annan front.

Wordpress er eit av dei meir populære bloggeverktya på marknaden, og wordpress.com er ein av dei mest populære bloggeportalane i verda. Det var difor eit stort ramaskrik då ein oppdaga at ingen i Tyrkia kunne kome inn på sida eller bloggar som var hostet der. Det viste seg at Tyrkiske myndigheter hadde lagt inn ein blokkering av domenet på sine DNSar gjennom Turk Telekom.

Bakgrunnen skal vere ein rekkje bloggar hostet på wordpress.com som nyttar Harun Yahya sine ulike namn og som heng han ut. Sidene er truleg organisert av hans motstandarar, leia mellom anna av hans tidlegare læremeistar som no lev i eksil i USA. Det hevdast at det opphaveleg var ein feil, og at dei eigentleg berre skulle blokkere desse enkeltbloggane, men at heile wordpress vart blokka av Turk Telekom ved eit feiltak.

Men sidan ingenting har blitt gjort for å rydde opp i dette etter fleire dagar er gått, så er det mange som trekk dette i tvil. Deriblant Harun Yahya sine motstandarar som hevdar at han brukar sin økonomiske innflyting for å leggje press på motstandarar, og der det ikkje går, så tyder dei til utpressing og sjikane. Og når Harun Yahya og hans omgangskrets no faktisk er anklaga for dette i Tyrkiske domstolar så er det kanskje noko i dette. Det går óg anklagar om seksuelt misbruk, men dette er ikkje så uvanleg dukkar opp mot karismatiske religiøse leiarar, så ein tar det jo med ei klype salt. På den andre sida, så viser det seg som oftast at det stemmar óg.

No smoke without fire?

Sjølv hevdar han at han er ugift fordi det ikkje er dydigt å vere gift i dei siste dagar. For alle teikna tyder no på at Mahdien er blant oss, mannen som ifølgje Islam er foregangsmannen til Jesus sin tilbakekomst, og som skal opprette det rettferdige herredømet på jorda - Mahdiyyastaten. Merksnodig nok er Harun Yahya tilhengjar av ein versjon av Mahdien som vert skildra fysisk som... vel... ganske like han Harun sjølv. Tilfeldig?

Uansett, Harun Yahya sine advokatar har informert Wordpress.com at dei har fått nettstaden blokkert på grunn av sider som kritiserar Harun Yahya, og forlangar at dei vert fjerna. Om det har seg slik at denne sektleiaren har såpass stor makt over det Tyrkiske rettsvesenet som det verker har, er det eit farefullt teikn frå Tyrkia - eit land som allereie slit med sitt internasjonale rykter. Tyrkia har allereie innført forbod mot Youtube, og ved lov innført forbod mot å kritisere den Tyrkiske stat og hær. Det kan no óg verke som om dei er villige til å praktisere eit reellt forbod mot kritikk av den framste motstandaren av sekularisme og evolusjonsteori i Tyrkia. Eit fascinerande trekk frå eit land som ønskjer å verte inkludert i vesten...

Les meir om Wordpress-saka her, så håpar vi at den vert løyst snarleg. Meir om Harun Yahya kan du óg lese på skepsisbloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar