onsdag 15. august 2007

Kunstig pandalukke

Pandamora vurderar å ete sitt kunstige born!
Heilt sidan dette oppslaget dukka opp igår, har folk bedt meg om kommentarar, både her [Kommentar på gamle bloggen] og på min arbeidsstad. Og eg bøyer meg sjølvsagt for eit kvart ønskje om opplysing og innsiktsfull analyse.

Gjennom kunstig befruktinga ha no to nye par med pandaer komen til verda, og bidrar til den pågåande befolkingseksplosjonen hos den inntil nylege utrydningstrua folkefienden. Dette er nok eit slag i andletet på alle oss som ønskjer ei trygg framtid for menneskja og menneskjeborna, og ein stor sigar for pandaherredømet - Pandamonium.

Denne kunstige befruktinga er altså eit viktig steg i retning Pandamonium, den største trugselen mot oss idag. Og sjølv om pandaer gjer sitt beste for å suge ut vår psykiske energi og motstandskraft ved å late som om dei er søte og nusselege, viser deira brutale bestialske sider seg tydleg i bileta i denne artikkelen, som ein observant lesar påpeikar [Kommentar på gamle bloggen] kan det openbart sjå ut som om den "elskverdige" pandamora har tenkt å gumle i seg den nyfødde nurket. Kanskje bambusskot ikkje er nok føde for det feite svinet?

Det er veldig viktig å sjå den kunstige befruktinga av pandaer i samanheng med andre avsløringar gjort rundt deira konspirasjon.

Deira sexnekt ligg i kjerna av det heile, men óg deira hang til å nære seg på vår merksemd, og på å hypnotisere menneskje til no å byggje pandabyar til å rivalisere våre eigne. Når pandapornoen mislukkast i å inspirere våre komande herrar til udydig dyd, tyr vi altså til å bruke vår teknologi (nok ein gong) til å tene deira formål. Vi vert ein del av maskineri som skal tene deira latskap. Kvifor byggje hus, når vi byggjer byer? Kvifor ha sex, når vi plantar barn i magen på dei? Om nokre år vil menneskjekvinner verte nytta til å føde fram pandaungar, og vi menneskje vert nekta å ha seksuelt samkvem i fare for å "skitne til" livmora som då er pandaens eigedom.

Merk mine ord.

Vi står overfor ein enorm trugsel... menneskje som slavekraft og som biologiske vertskap for små nusselege pandaparasittar.

Det er sanneleg ei mørk framtid, brødre og søstre...

[Kommentar: Ein av mange sentrale pandaavsløringar som kom fram i min første blogg. Arbeidet med å overføre dei alle til min noverande blogg er eit stort prosjekt som stadig vert dytta framfor ein. Difor òg mangelen på lenkar frå denne saka til tidlegare avsløringar.]

2 kommentarer:

  1. No når du nemner det, så er det fryktelig mykje pandapropaganda i den eine pensumboka mi. Tospråkleg pandapropaganda.

    SvarSlett
  2. Ja, å bombardere studentar med bilete av leikande pandaar er ein vanleg propagandateknikk. Ein skal gjere dei mottakeleg for allskens løgnar!

    SvarSlett