laurdag 6. oktober 2007

Den uvaska objektivistiske massen

Eg får til tider litt pes for mi omtale av liberterianarar og objektivistar, og eg vil gjerne leggje opp til å verte pesa enno meir ved å ta for meg sistnemnte pittelitt. Objektivistane er dei sjølvhøgtidlege tilhengjarane av djevelkvinna Ayn Rand og hennar "filosofiske" vrøvl.

Oi, var det nokon som sa udiplomatisk? Vel, det er berre på sin plass når ein talar om ei kvinne som gjekk til verbalt åtak på alle som var usamde og kalla dei æreløyse og uinteressane, og ein filosofi der tilhengjarane osar av ufortent arroganse og hyller manglande empati som ein dyd.

Dette er ein komplisert filosofi, med mange punkter som alle forten deng - og eg har ikkje tid eller interesse for å gå igjennom alle. Men for dei som vil vete, kort tala, kva det handlar om så er det ein påstand om at det einaste rasjonelle og logiske er rå egoisme, og ein kvar bistand til andre som ikkje er i eins eiga interesse ikkje berre er ein uting, men eit direkte vonde. Du har berre deg sjølv og dine eigne interesser å vise omsyn til. Verda er ifølgje objektivismen skapt og dreven vidare av slike menneske, medan altruistar og andre snillistar heng på som dauskrottar.

Godt forklart? Neppe, men det forstår sikkert kvifor eg får mykje pes for mitt syn på denne gjengen. Det som verkeleg plagar meg er Ayn Rand sin forakt for andre menneske, og hennar tilhengjarars religiøse fanatisme og ufortente høge tankar om seg sjølv og sin intelligens. Dei hevder at det er den sterke manns filosofi, men eg ser ingen sterke objektivistar - eg ser svake menneske som prøver å hevde seg sjølv, frå foreldras dunkle kjellarstove.

Eg vart på ny interessert i objektivisme i forbinding med mitt foredrag her forleden, då eg mellom anna snakker om objektivisten Terry Goodkind og hans horrible Sword of Truth-serie, og eg snubla i den forbinding over ein interessant internettdebatt om vestleg filosofi. Det var to stykker, ein danske og ein amerikanar, som hadde ei filosofisk øving i å vurdere Ayn Rands tyding for vestleg filosofi. Danskens posisjon var at ho hadde ingen tyding, fordi ingen sentrale oppslagsverk eller bøker omtala djevelkvinna eller hennar tanker, medan amerikanaren - som sjølvsagt var invrig tilhengjar - meinte at ho hadde enorm tyding fordi ho ikkje var oppdaga, men at ho ein dag ville bli bevist rett. For ho hadde rett. Ayn Rand var det viktigste som hadde skjedd sidan Aristotles, faktisk enno viktigare enn han. Fantastisk argument, ja? Og han skjønte ikkje kvifor nokon omtalte han som fanatisk.

Men det er ikkje for dei å vere fanatiske, dei fleste som forsvarar henne framstår óg som patetiske. Som dei fleste filosofiar om den "sterke mann" og "Homo Superior" er tilhengjarane alt anna enn overlegne eller sterke. Dei er forsmådde og bitre mobbeoffer som trur deira manglande sosiale nettverk er eit resultat av styrke, deira eigen overlegenhet. Dei treng jo ikkje andre, dei er supermennesket.

Objektivismen er slik dei vennelauses filosofi. Dei har ikkje venner fordi dei er objektivistar, og dei får seg ingen venner fordi dei er objektivistar.

Det rare er at dei i tillegg óg som oftast ser ut til å ha særs dårleg personleg hygiene. Så kanskje dei burde snu litt opp ned på sine perspektiv? Kanskje dei simpelthen ikkje har venner fordi dei lukter ille? Og dei av den grunn vert objektivistar?

Her er to døme på folk som forsvarar Ayn Rand:




[Den andre videoen, Defending Ayn Rand er diverre tatt vekk frå YouTube då dette innleggjet vart gravd opp att]
Alle veit jo det at å vaske seg sjølv er altruisme, og objektivismen er jo klar på at altruisme er slemt.Kvifor vere velduftande og reine om det ikkje tener deg på noko vis? Der har du objektivismen. Objektivismen er skitne tankar.

No var eg utriveleg, gitt. Det føltes godt. Lover å ikkje ha nokon meininger om temaet imorgon

[Kommentar: Eg har eigentleg haldr fram med å slenge drit om objektivismen i åra som følgde... og har eigentleg ingen planar om å stogge. Dei ber trass alt om det. Og det tiltrekk seg alltid så interessante kommentarar.]

1 kommentar: