torsdag 6. desember 2007

Nerdanes Greve

Varg, tidlegare Kristian, Vikernes, betre kjendt som Greven, er vel kanskje ein av dei meir populære fengselsfangane vi har her i landet. No sitt han inne for langt mindre enn det folk trur, og likeeins langt mindre enn det han eigentleg forten, men det er ei heilt anna soge, faktum er at mannen ser no fram til å sleppe laus att. Og då vil han nok samle sine tilhengjarar rundt seg nok ein gong. Saman vil dei dyrke satan og Odin, vere nazistar og spele musikk som plagar foreldregenerasjonen og fengar italienarar.

Men kven er desse tilhengjarane til Greven? Er dei illsinte satanistar med langt svart hår? Kanskje, det var det iallefall før - det kan eg hugse godt. Er dei tankefulle hedninger med besynderlege tankar om leylinjer og ufoer? Ja, han har jo ein del av dei óg. Faktisk har han blitt særs populær blant desse forvirra sjelene. Og ikkje minst, blant hedenske nazistar med eit heller forstyrra forhold til norrøn mytologi.

Svaret vert klart når ein ser tittelen på den siste serien med kommunikasjonar frå denne denne samvittighetsfangen - A Bard's Tale 1 til 11. Kvar ellers hentar han namnet sitt til dette enn frå det klassiske dataspelet The Bard's Tale, og dets oppfølgjarar.

Dette banebrytande spelet nytta seg av falsk 3D skapt av såkalla bitmapping, enkle bilete lagt over vektorgrafikk for å skape illusjonen av avstand og dybde. Og fortalde historien om ei gruppe helter som redder byen Skara Brae. Spelet er vel å rekne som eit av dei første "førstepersonsrollespela" der ein spelte ei gruppe krigarar, trollmenn og skalder utan nokon gong å sjå dei i aksjon. Ein såg ting frå gruppas perspektiv. Systemet vart basert på D&D-regelsettet, og trollbandt publikum på tross av manglande grafiske prestasjonar. Forutan mange klonar fekk spelet to oppfølgjarar, samt eit Bard's Tale Construction Set som gjorde det mogleg for PC og Amiga-eigarar å lage sine eigne rollespel med motoren. Lenge før både Elder Scrolls Construction Kit og Neverwinter Nights.

For å gripe fatt i litt meir trivia er det verdt å nemne at ein av playtestarane for The Bard's Tale Construction Kit var Feargus Urqheart som har hatt ein fingar med i dei fleste populære rollespela frå Black Isle (Fallout og Baldur's Gate) og grunnla seinare Obsidian som mellom anna laga Neverwinter Nights. Skaparen av The Bard's Tale forlot industrien etter Bard's Tale 2 for å fullføre si teologiutdanning, og driv idag sitt eigne kristne misjonsprosjekt.

På tross av at beggje oppfølgjarane til the Bard's Tale var populære, og bana ny veg for sjangaren, vart det med denne eine trilogien. Eit nærast parodisk spel med namn The Bard's Tale dukka opp på Playstation, X-Box og PC i 2004, men mannen bak dette - Brian Fargo - hadde ikkje rettane til det originale spelet og valte å produsere og selge spelet på tross av dette. Det var tenkt som ein parodisk homage til den eigenrådige og grådige skalden som The Bard's Tale-spela fokuserar på, og hadde fantastiske Carey Elwes i rolla som skalden. På grunn av dette er situasjonen no at Brian Fargo sitt på rettane til namnet på serien, medan dei gamle produsentane framleis sitt på rettane på innhaldet. Noko som tilseier at det aldri vil kome ein Bard's Tale 4.

Dette finn veldig mange nerdar ganske trist, og eg er sikker på at Varg Vikernes er ein av dei. For om ein skal ta utgangspunkt i hans forkjærleik for rollespel og anna nerding er det jo ingen tvil om at hans siste bitre rasistiske utspel faktisk er inspirert av the Bard's Tale. Og eg meiner det er trygt å gå utifrå at hans tilhengjarar truleg er dei største nerdane på denne kloden. For Varg Vikernes vil alltid vere... Greven av alle Nerdar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar