torsdag 16. april 2009

Gje meg ordet!

I dag vart det kjend at rikssynsar Nina Karin Monsen får Fritt Ord prisen for, må ein anta, å vrøvle usamanhengjande og slenge drit om lesbiske og homofile i ei rekkje kronikker. Eg har tidlegare forhøyrd meg med pressa om korvidt dei hadde vore villig til å forsvare henne mot henne sjølv. Det fall på steingrunn gitt, medan hennar karriere har blomstra til ein pris som visstnok skal gå til dei som uredd bidrar til samfunnsdebatten.

Her må vi ha ein ting klart for oss, og beklager om eg er seriøs eit sekund eller to, men Nina Karin Monsen bidrar ikkje til samfunnsdebatten. Ho torpederar den. Ho debatterar ikkje, ho konstanterar. Uavhengig av logikk eller rasjonalitet. Ho er simpelthen rablande gal.

For all del gje Fritt Ord prisen til ei dame som etter alt å døme skriv sine kronikkar med aluminiumsfolie pakka rundt hovudet og seigemenn i nasa. Vi snakkar om ei dame som vel å oversjå all fornuftig tanke for å tvinge sine hårreisande, reaksjonære poeng i gjennom. Vi snakker om ei kvinne som fekk underkjendt si doktorgradsavhandling. Ei dame som må bytte ut tastaturet minst ein gong i veka fordi det er øydelagd av fuktig fråd.

For å oppsumere, hadde Nina Karin Monsen vore ei merr hadde vi skutt henne for lenge sidan. Hadde ho vore ei tispe hadde ho vore avliva for sitt eiga beste. Hadde ho vore ei ku, hadde vi måtte brent heile stallen, med kyrna. Ho er årsaka til at det finnes karanteneordningar.

Om du treng gode døme på det, så har andre oppsumert det.

Eg vil berre ha det på papiret, at no når ho har fått Fritt Ord prisen har stiftinga sunke litt i aksjekurs her i garden. Dette er det vi kallar ein god gamaldags skandale.

Men aldri så vondt, at det ikkje er godt for noko. No er lista lagt for framtidige prisutdelingar, og eg vil gjerne fremje mitt kandidatur for neste år. Eg vil gjerne skryte på meg eit talent for å avspore ein kvar debatt, og å ha upopulære meiningar som eg meiner skal forsvarast av ytringsfridomen. Eg kan gjerne dele prisen med andre gode kandidatar, som Tore W. Tvedt, Jan Thomas, Steinar Lem og, ikkje minst, Ludvig Nessa. For all del David Irving truer jo med å ta turen til Noreg, kan vi nominere han? Alle desse er betre i stand til å sette saman eit logisk resonnement enn den såkalla filosofen: Nina Karin Monsen.

18 kommentarer:

  1. Dette er fankern meg det beste jeg har lest på lang lang tid. Og ikke nok med at hun torpederer samfunnsdebatten, hun prøver etter beste evne å torpedere alle som er uenige med henne også. Jeg har selv blitt truet med mektige venner pr. telefon. Dette er en skandale!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha. Hennar skrivestil minnar meg mykje om det eg finn å lese hjå ein del paranoid schizophrene. Ein skal jo vere varsam med å fjerndiagnostisere, men kan eg i det minste sende henne noko prozac i posten?

    SvarSlett
  3. "aluminiumsfolie pakka rundt hovudet og seigemenn i nasa"

    helt fantastisk!

    SvarSlett
  4. Diverre fann eg ikkje bilete av dette, men eg er ganske sikker på at det er slik det fungerar.

    SvarSlett
  5. Seigmenn og seigdamer. Det er jo en ekte ikke-homo familie det er snakk om.

    SvarSlett
  6. Ja, for Guds skuld, noko anna ville vel ha vore unaturleg for nasa og gjere alle andre naser ugyldige. Eller noko slikt.

    Eg får migrene av den dama.

    Og det på tross av at eg og var i mot den nye ekteskapslova.

    SvarSlett
  7. Hvor lenge går det an å si Hæ? Hæ? Hæ? til dette? Ganske lenge, tror jeg.

    Den prisen er vel nå devaluert for alltid.

    Aliminiumsfolie utenpå og papp inni, er det nok.

    SvarSlett
  8. Nå må du sannelig slutte å konstatere så mye, ellers havner du i 'poviperi'en, for å konstatere det med ordbekreftelsen din.

    SvarSlett
  9. lskwew: Ikkje for alltid. Den kan attvinne sin verdi om eg får den ;-P

    Bjørn Are: Eg berre tenkte det lurt å kommunisere på hennar nivå, sidan å kommunisere på normalt plan aldri har funka.

    SvarSlett
  10. Selv mistet jeg all respekt for prisen allerede da Braanen fikk den. Hva er vitsen med å gi en slik pris til en redaktør for en veletablert avis med økende abonnementstall? Prisen til Frådemumsen bare bekrefter at Fritt ord er uinteressante som samfunnsaktører.

    SvarSlett
  11. At Braanen fekk den skapte ei viss undring, ja, men ein kan jo forstå det frå visse perspektiv. Han kan i det minste føre debattar med andre... i motsetnad til dette uvesenet.

    Det eg lurar på, er om eg har injurierande kraft ;-)

    SvarSlett
  12. "Det eg lurar på, er om eg har injurierande kraft ;-)"

    I så fall gleder jeg meg til rettssaken! Det burde bli fornøyelig.

    SvarSlett
  13. Vi får vone at ein advokat vil forsvare meg pro bono, så skal eg heller love å halde tona frisk under rettssaka ;-P

    SvarSlett
  14. Ein gong rundt midten av åttitalet tok eg ex-phil, og hadde denne dama i vitskapsteori eller noko slikt. Saman meg på gruppa gjekk det tilfeldigvis nokre godt vaksne damer, dei var vel kanskje rundt 40. :rødme:

    Den opne forakta denne kjerringa som no har blitt prisa viste desse damene gjorde meg heilt lamslått. Ho meinte i fullt alvor at dei som ikkje kom i kontakt med akademia tidleg i 20-åra berre kunne gløyme det, det var ein måte å tenke på og forholde seg til akademiske spørsmål på som ein berre kunne tilegne seg tidleg i livet.

    At ei av desse damene etterkvart tok juridikum og vart statsråd gjorde sikkert ikkje inntrykk på NKM, ho noterte seg sikkert ikkje ein gong namna. Dei var null i hennar verd. Skræmande.

    SvarSlett
  15. I et anfall av forsøk på balansert vurdering må jeg innrømme at du nok i dette blogginnlegget beveger deg ned på hennes debattnivå. Stor grad av konstateringer, tynne begrunnelser og sjikanøse formuleringer.

    På den annen side er vel sjangerkravene noe andre i blogginnlegg enn i kronikker som skal være "gjennomreflekterte" nok til å få Fritt Ord-prisen...

    SvarSlett
  16. Alt godt: Historia stemmer godt overeins med det eg veit om henne, ja.

    Bjørn: Eit kvart forsøk på å ta dette opp på eit sakleg nivå, særleg med henne, er dømd til å mislukkast. For å nå fram må vi tale på hennar nivå.

    SvarSlett
  17. Er det rart jeg liker deg!! ;)

    SvarSlett
  18. Tykkjer ikkje det er rart i det heile tatt eg ;-P

    SvarSlett