fredag 29. februar 2008

Kråkerøy - 60 år

Det er idag 60 års sidan Einar Gerhardsen heldt si berømte Kråkerøy-tale. Tala endra det politiske kartet i Noreg og dytta oss godt og permanent inn i den kalde krigen. Tidlegare idag vart eg spurd om eg kunne kommentere denne i bloggen, noko eg i utgangspunktet ikkje såg meg tid til, men no har eg altså ombestemt meg. Tala er forøvreg å finne hjå vår eminente venn Dronten, som eg trur nok satt større pris på Gerhardsen sine ord enn det eg gjorde. Eg anbefalar alle å lese gjennom talen, om dei ikkje har gjort det allereie.

Tala kom i kontekst av ein internasjonal krise, det stalinistiske Sovjet-imperiet hadde bestemt seg for å gjere kort prosess på tankar om fridom og demokrati i Tsjekkoslovakia, og rykte inn miliært. Og slik kan ein forstå at Gerhardsen, som tidlegare hadde vore relativt moderat, la seg inn på Håkon Lie og gjekk til frontalåtak på kommunismen representert av Noregs Kommunistparti.

Han meiner at dei som i si tid meldte seg inn i partiet for deira bragder under krigen må vete betre og melde seg ut, for den Komintern-lojale leiinga var tilhengjarar av Sovjetisk diktatur og tyranni, og ikkje norsk demokrati.

Så langt, så bra, ja? Vi er alle samde i dette. Forutan eit par folk som framleis klamrar seg til deg gamle alkoholiserte og skjeggete partiet (kvifor er ikkje eg med, mon tru?).

Problem nummer 1:
 Tala signaliserte døden for det opne sosialdemokratiet, og forsurte dei demokratiske prosessane i partiet og landet generelt. Med utgangspunkt i denne talen starta ei heksejakt på kommunistar, sosialistar og andre radikalarar som varte ut heile den kalde krigen og som delvis held på framleis. Dette skapte ikkje-naudsynt aggressive fronter mellom politiske partar, og ikkje minst store mengder bitterhet som lev vidare den dag i dag. Det hjalp ikkje på at det heile førte til sosial ekskludering av venstreradikale og at "registrerte" kommunistar vart nekta arbeid.

Vi kjenner godt til alt av dette. Oppsummert: Som resultat av Gerhardsen si store tale skaut sosialdemokratiet sjølve demokratiet i foten, og lot det halte etter samfunnets sprang mot framtida i 50 år.

Problem nummer 2: Gerhardsen tok ting personleg verker det som. Og når han gjorde det, så tok han òg feil. Før krigen hadde han og Furubotn stått på ulike sider i strida som splitta DNA og førte til grunnleggjinga av NKP. Det ser ikkje ut som om Gerhardsen kom seg over dette, eller det faktum at Furubotn ein gong var truande til å verte partileiar i DNA. Gerhardsen omtaler difor NKP på eit punkt som Furubotns parti, og hevder at han og hans kumpanar aldri vil gjere det redlege og ta avstand frå det som hende på tidspunktet. På dette punktet tok han grueleg feil. Hadde det vore Peder Furubotns parti hadde ikkje han blitt ekskludert året etter då han tok sitt endelege oppgjer med Komintern og Stalinismen. Hadde han vore den mannen Gerhardsen tok han for å vere, så hadde han aldri tatt det oppgjeret. Gerhardsen gløymde kort og godt at Furubotn var ein motstandshelt, og ein mann med nok ære og prinsipper til å be Stalin ryke og reise. Noko som førte då til at han vart kasta ut av partiet han sjølv var med å grunnla.

Så eg er ikkje så imponert av Gerhardsens Kråkerøy-tale, men det er mest fordi eg vart bedt om å kommentere. Og då kjem eg simpelthen i trass-modus.

For eigentleg, så er eg òg Gerhardsen heilt samde i det som er hovudpoenget. Sovjet må augneblinkeleg trekkje seg ut av Tsjekkoslovakia, og eg håper at Stoltenberg-regjeringa forlangar dette offisielt på denne dagen.

[Kommentar: Mykje har endra seg på fire år, men poenga står ved lag.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar