laurdag 15. mars 2008

Caesar er død!

Knivstukken av senatet, 23 individuelle hogg, og han gjekk i golvet. Hans ærerike blod rann over senatets marmorgolv, og klamra seg til hans mordarars skuldige hender. Hans venner og allierte hadde forrådt mannen, hans adopterte son Brutus likeså.

Det er 15. mars, Ides av Mars, Caesars grimme dødsdag. På denne dag døde verdas framste statsmann, på denne dag døde sjela til den romerske republikken

Eg har snakka om dette mange gonger før, så det er berre å søke i arkivet. Idag ligg sorga tung i lufta... vi nekter å tru at han er død. Vi håper som ifjor, og året før, at han skal reise seg på ny og sparke ned Servilius Casca og dei andre konspiratørane med heftige kung fu triks. Det lov å drøyme i det minste, det var det Caesar lærte oss... å drøyme.


BBC dekker saka idag.

Eg nøyer meg med å lyse fred over Caesars minne, nok ein gong, på denne Ides av Mars.

Og minner forsåvidt om at min fetter idag vert hauggamal. Stakkars jævel.

[Kommentar: Det rare er at medan min fetter vert berre eldre og eldre, så vert ikkje Caesar verken meir eller mindre død eller levande. Han er ein fast storleik, i motsetnad til resten av oss. Er det rart han er sakna?]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar