måndag 17. mars 2008

Sam Raimi i mørkrets teneste


Alltid like skummelt når flotte folk kastar seg hovudstups inn i mørkret. Som no når kultfavoritten Sam Raimi har funne ut at han skal filmatisere Sword of Truth som TV-serie. Det er tinga 22 episodar av serien som er oppkalla etter Wizard's First Rule, den første boka i Terry Goodkinds fantasyserie, og produksjonen skal starte allereie i mai. Gudane veit kvar dette skal ende.

Goodkind er objektivist, desse menneska og deira personlege hygiene har vi snakka om før, og det viser godt i bøkene hans. I mitt foredrag om Rasekrig og Klassekamp i Science Fiction og Fantasy går eg gjerne i djupnaden på dette, men kort sagt er Wizard's First Rule ein pinleg nøyaktig kopi av plottet i Star Wars. Helten vert hjulpen av ein eldgamal trollmann som gjev han eit magisk sverd og sender han ut for å redde ei prinsesse og bekjempe ein ond trollmann som visar seg å vere hans far. Og slik kan han ta si rettmessige plass som Jedi... eg meiner rettvisa sin vokter eller noko slikt. Goodkinds seksuelle frustrasjoner får utløp i heftige sex-scener og grafiske valdtektskildringer, medan skurken er essensen av objektivismens fiendar. Ikkje berre har han tilbøylighet til homofili (iiiip), men han er kommunist og ønskjer å velte monarkiet og fordele godane i eit nytt egalitært samfunn... skrekk og gru.

Veit eigentleg Sam Raimi kva han gjer på? Kjem han til å slutte å vaske seg no?

[Kommentar: Serien gjekk i to sesonger, og var fleire gonger betre enn bøkene. Ikkje at den var god. Den var berre betre. Litt som at fast avføring er betre enn renneræv. Objektivisme er renneræv.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar