måndag 14. april 2008

Objektivist meg her, og objektivist meg der

Urovekkande mykje objektivisteri der ute for tida, særleg i underhaldningsverda der eg driv mesteparten av mi snoking. At eg kanskje har eit litt... uggent... forhold til objektivisme har vi dekka tidlegare (søk sjølv, eg gidd ikkje), og mykje av dette kjem jo av at dei luktar litt ille.

Eit anna problem er at dei lokkar med seg så mange rare folk på objektivistprosjekt. Det får meg til å lure på kor mykje dei eigentleg legg i arbeidet sitt. Eg tykkjer til dømes at menn som Gary Cooper er tøffe, men er han så tøff at eg kan tilgje han å ha spelt hovudrolla i Ayn Rands The Fountainhead i 1949? Jo, eigentleg, så er han vel det.

Verre er det med Angelina Jolie. For henne har eg ikkje noko godt forhold til i utgangspunktet. Ifølgje relativt tryggje kjelder er dama framleis klar til å spele i Atlas Shrugged, Ayn Rands kolossale murstein. Litteraturhistorias svar på akutt, og dødleg, tarmforstopping. Eit kvart forsøk på å lese boka, har ført til tankar om å køyre ein gaffel inn i tinninga... innspelinga byrjer i desember, og eg ser fram til å få servert dette litterære makkverket servert til meg i allereie fordøyd form (utanom å måtte ty til stakkarslege karar som speler inn sine hyllester av Ayn Rand i kjellaren til foreldra og legg ut på Youtube). For Angelina Jolie sin del? Vel, så mykje respekt hadde eg ikkje for henne etter at ho spelte inn Tomb Raider.

Eg har allereie notert nokre ord om at alles favoritt, Sam Raimi, skal lage TV-serie basert på objektivistforfattar Terry Goodkinds fantasy serie Sword of Truth. No har dei funne seg ein exec-producer. Og det er ein av veteranane frå, snart kinoaktuelle, X-Files. X-Files har eg eit relativt slapt forhold til, så det er greit... verre er det med at Raimi og Robert Tapert framleis har tenkt å filmatisere dette gapande holet av menneskleg fantasi. Urovekkande er det òg å tenkje på at dei vanlegvis involverar Sams lillebror Ted Raimi og deira gamle ørn Bruce Campbell i sine TV-seriar... vil vi sjå Bruce Campbell som talerøyr for objektivismen? Skeptisk.

Greit, då er det på tide å slappe av. Kanskje spele litt data...? Nei, skulle du sett. Guillermo del Toro, som kanskje moglegeins skal lage Hobitten og ein haug med andre filmar, har blitt nemnt i forbinding med innspelinga av det populære dataspelet Bioshock. Greit, det er ingenting skrikande objektivistisk ved dette... om ein ser vekkifrå at spelet på eit eller anna sjukleg vis er inspirert av Ayn Rands filosofiske visjon. Verda det foregår, er drøymd opp i Ayn Rands våte draumar... på den andre sida, så er det eit sant helvete spelaren møter. Eg har aldri heilt klart å bestemme meg... er Bioshock objektivistpropaganda? Eller er det anti.

Eg trur eg må sette meg ned og spele det ein av dagane. For det har eg faktisk ikkje gjort enno...

[Kommentar: Filmatiseringa av Atlas Shrugged, og forsøket på å selge DVDar vart så lattarleg at berre objektivistar kunne ha klart å drite seg loddrett ut. Likevel har dei klart å finansiere innspeling av del 2 i skrivande stund. Og der dei i første filmen til slutt måtte klare seg utan Angelina Jolie, må dei i del 2 klare seg utan alle skodespelarane frå del 1. Så gøy var det å spele inn den filmen gitt. Sword of Truth-serien klarte midlertidig å verte kjekkare enn bøkene dei var basert på, og overlevde heile to sesongar og inkluderte opptredener av mellom anna Ted Raimi. Dette tyder ikkje at serien var bra. Berre betre enn bøkene. Litt fordi dei valte å ignorere innhaldet i bøkene tenkjer eg.


Og Bioshock-filmen... vart det aldri noko av. Kanskje like greit?]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar