måndag 14. april 2008

Smerte i Store Studio

Eg var så uheldig å sjå Store Studio ikveld. Der Mira Craig satt og forklarte The Secret og Thomas Hylland Eriksen lot vere å banke henne opp.

Det handlar om det dei kallar "Quantum Physics" liksom, sa frøken Craig. Kvantefysikk, retta Hylland Eriksen. Og langt meir kritisk vart han ikkje...

Den elementære forståinga for norsk språk mangla totalt hos luftskallen Mira Craig, og det heile var ein heller trist affære som ikkje forten meir kommentar frå meg enn dette...

Takk for meg.

[Kommentar: Ironisk nok legg eg til ein kommentar fire år seinare, men ironi er ei berebjelke i historias gong. Mira Craig er eit tema eg gong på gong har vendt attende til i åra som følgde, og det heile byrja med denne irriterande fjernsynsopptredenen. Ein kommentator til det originale innleggjet følte at hennar bruk av "magikk" òg var nok til å gje ein spasmar. Og det er nok sant.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar