torsdag 22. mai 2008

Bioshock vert røynd?

Det er lite som verkeleg er originalt her i verda, enten er det kunsten som imiterar livet, eller så er det livet som imiterar kunsten. Det er simpelthen ikkje nok at Bioshock vert film, no ser det ut som om det heile vert røynd. Det populære skytespelet foregår som kjent i eit objektivisthelvete kalla Rapture, ein by under havets overflate bygd av Andrew Ryan, ein karakter basert i stor grad på objektivismens grunnleggjar Ayn Rand. I spelet vert du bombardert av propaganda som erklærar at altruisme og nestekjærleik er av det onde - falskheten i dette gjev seg til kjenne i ruinane av det forfalne objektivstutopien. Ayn Rand og Andrew Ryan sitt drøymesamfunn braut saman.

Jamvel har no eit par økonomiske hotshots av liberteriansk overtyding, med Ayn Rands objektvistromanar under armen, sett føre seg å skape utopiske samfunn på havet. Nøyaktig korleis det vil sjå ut, er ikkje heilt fastlagt, men fine planar har dei no.

Når livet imiterar kunsten håper ein gjerne at ein tar kunstens lærdom med seg på vegen, men er ein først tilhengjar av Ayn Rands romanar så har ein allereie eit litt merkeleg forhold til skilla mellom røynda og fiksjon.

Til og med Scientologane gav opp å ha hovudbasen sin i internasjonalt farvatn.

[Kommentar: Bioshock vart aldri filmatisert, og så langt ser det ut som om planane om å byggje dette akvatiske objetktivistparadiset ikkje vert realisert. Eg trur vi skal vere glade for det. Alle veit at slike byar er det bondskurkar som skal stå for... og dei er kommunistar. Meir eller mindre.]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar