tysdag 19. august 2008

Gje meg eit smil

Eg berre spør; er det nødvendig å vere så sur, Franz Ritter von Epp? Stod du opp på feil side av det tredje riket i dag?

Alvorleg tala, nokre nazistar hadde eit alvorleg image-problem. Korleis skulle dei forvente at folk ikkje trudde dei prøvde å ta over verda og valdta bestemora si når dei konstant såg ut som om dei drakk edikk til frukost?

Alvorleg tala, Franz - kan ikkje du berre smile litt? Kan du verkeleg ikkje trekkje på smilebandet, når du er omringa av german
ske fruentimmer som dette?Berre sjå på det gliset! Er ikkje det eit uttrykk for lykke i det tredje riket, så veit ikkje eg. Kraft Durch Freude, gubben. Herrejesu, sjølv han Hans Ulrich Rudel visste å smile til verda (og dei blonde pikene).
Sjå på den varmen då, Franz! Der har du noko å lære. Av både Hansemann og ho jenta. Du treng ikkje ein gong å ta heilt av og glise. Du kan behalde din soldatro, og likevel kunne smile varmt. Berre sjå på denne rekrutten!
Kom igjen. Lar du deg ikkje sjarmere litt av denne hyggjelege mannen? Ser du ikkje korleis eit smil faktisk kan komplementere uniformen?

Tenk, jamvel den kronisk forstoppa Himmler kunne smile!
Ikkje mykje, men det er der. Eit lite snev av mennesklighet frå mannen som satt i gang der Endlösung. Då er det vel ikkje for mykje å forvente av deg, Franz, at du òg opner litt opp, og gjev det tredje riket eit kanskje litt hyggjelegare andlet.

Kom igjen då, Franz!
Nei, faen altså! Franz, om det er slik det skal vere, så gjev eg opp - din forbanna surmaga gubbe der du er. Eg barberar barten din når du søv, berre så du veit det.

Jævla, bitre surpomp! Skal ikkje meir til enn ein tapt krig for å gjere deg til ein forbanna solformørking, gjer det vel? Dust!

5 kommentarer:

  1. Hei lille skjeggstussen min =)

    SvarSlett
  2. Merker også at jeg er for mye krigsnerd (med f.eks. en stabel Men-at-Arms - bøker i hylla) / person som har hengt for mye med enda større krigsnerder, når jeg straks begynner å "lese" gradsmerkene o.l. på disse uniformene...

    Per

    SvarSlett
  3. Au...

    Du får meg til å framstå i litt meir beherska lys då! Det er takksam for...

    ... om vi ser vekk i frå at no byrja eg å kikke på det òg. Faen ;-D

    SvarSlett
  4. Det skulle stå

    "Det er EG takksam for"

    Trykkleifer på laurdagskvelden.

    Skuld på whiskeyen.

    SvarSlett