onsdag 3. september 2008

Absalong: HP Lovecraft - Hans liv, verk og disiplar

H.P. Lovecraft

Hans liv, verk og disiplar

Eit djupdykk hjå skrekkens gudfar med Didrik Søderlind

  • Tid: 15. september, klokka 1900
  • Stad: Klar Bar, Zachen
  • CC: NOK 50,-

Absalong vender attende til ein av det 20. århundrets viktigaste litterære skikkelsar og våre inspirasjonskjelder; Howard Phillips Lovecraft (1890-1937). Av eit aukande antal ekspertar vert Lovecraft rekna som det 20. århundrets viktigste skrekkforfattar, og blant dei viktigste litterære framtoningane i det førre århundret. Innflytinga han har hatt på populærkulturen er enorm i forheld til merksemda han fekk både før og etter sin død. Eit bibliotek av skrekkfilmar og musikk er basert på universet han skapte, som vart døpt Cthulhu-mythoset, etter hans mest minneverdige skapning (vi viste filmatiseringa av The Call of Cthulhu hausten 2007). Innanfor litteraturen har han vore ei innflyting på menn som Stephen King, Clive Barker, Neil Gaiman og Jorge Luis Borges for å nemne nokre få, og han var ein lærarskikkelse for menn som Robert E. Howard, skaparen av Conan, og Robert Bloch, forfattaren av Psycho. I filmverda er lista lang over filmskaparar, filmar og seriar som har latt seg inspirere – med og utan hell – av denne mannen. Vi ønskjer nok ein gong å belyse kvifor.

Når vi no vender attende til denne forfattaren er det fordi vår venn Didrik Søderlind har vore på heimtraktane til Lovecraft og har henta med seg både fotografi og visdom frå Arkham, Innsmouth og Kingsport. Han har studert det meste som er skreven om Lovecraft innan litteraturvitskapen, og har sjølv sitt å leggje til om dette. Søderlind er til dagleg ideologisk rådgjevar for Human-Etisk Forbund, som vi lenge har mistenkt er ein fasade for Cthulhu-kulten, og er primus motor bak Oslos versjon av Absalong – Kjettersk Kjeller. Han har tidlegare vitja Absalong med foredrag om Black Metal og dets brune sider, og dette var såpass underhaldande at vi måtte invitere han på ny. Og vi har all grunn til å tru at det vert både underhaldande og opplysande.

Foredraget vil belyse Lovecraft sitt liv, hans forteljinger og dei som lot seg inspirere av han. I dag tar både amatørar og profesjonelle okkultistar ideane hans seriøst, dette på tross av at han sjølv var innbitt materialist utan tru på noko som helst andeleg. For han var det openbart at berre den som ikkje trudde kunne skildre det utrulege og fantastiske med den rette skrekkelege vantru. Hans univers, om enn kor magisk og full av dunkle farar, var alltid amoralsk og rasjonelt – vi menneske er berre ute av forstand til å forstå det universet vi sjølv lever i. Kva er det som gjer at folk framleis insisterer på at hans berømte bok Necronomicon er reell? Kvifor kjøper folk bøker som vert utgjeven som omsetjingar av denne? Korleis kan det ha seg at nokre satanistar dyrkar Cthulhu i sine seremoniar? Og korleis uttalar ein eigentleg Cthulhu?

Det er ikkje nødvendig å vere kjent med Lovecrafts noveller for å nyte godt av foredraget, for hans arv er til stades i store deler av populærkulturen i dag. For dei som ønskjer å sette seg inn i hans verk er dei fleste gratis tilgjengeleg på nett, mellom anna her.

I tillegg har vi høyrd rykter om at den lokale Lovecrafteksperten og kunstnaren Kim Holm er i farta med ein ny teikneserie om forfattaren og kanskje vil stikke innom med ein smakebit på vårt komande arrangement. Kim Holm er ikkje framand for faste gjestar, då han i fjor introduserte Call of Cthulhu, og har forsynt oss med mange minnerike illustrasjonar til plakatane våre. I tillegg vil det sjølvsagt vere god musikk (komponert med og utan slimete tentaklar og under innflyting av dei Eldre Gudar) i regi av vår alles kjære Lux Obscura og andre av våre faste Djar.

Det heile finn stad måndag den 15. september på Klar Bar i andre etasje på Zachen, og dørene opner for våre gjestar klokka 1900. Det kostar ringe 50 kroner å kome inn, og vi forlangar ikkje meir enn at de er av myndig alder for å sleppe dykk inn. Kultistar er særs velkomne.

Vel møtt til nye og gamle gjestar på haustens første Absalong.

Nyttige lenkjer:

4 kommentarer:

  1. Da er du i denne versjon på plass blant lenkene mine.

    SvarSlett
  2. Heh, mulig jeg er dårlig på å google, men hvor foregår dette?

    SvarSlett
  3. Det står jo heilt øverst i innleggjet ;-)

    Klar Bar, på Zachen i Bergen. Det er nede ved fisketorget. Eg mistenkjer at vår webmaster har hugsa å leggje ut kart til staden på nettsida vår.

    SvarSlett