måndag 22. september 2008

Berre kraftig bygd?

I følgje New Scientist viser ei ny undersøkjing avt amerikanske dataspelentusiastar gjerne er i betre form enn sine landsmenn. Eit studie av nokre tusen Everquest II spelarar, viser at ikkje berre har gjennomsnittet lågare BMI (Body Mass Index, alle anorektikarars favorittindex) enn den gjengse amerikanar, men at dei trener oftere og held seg i betre form.

Oisann... dette endrer jo heile demografien for spelindustrien. Den har jo hittil satsa stort på å selge spel som appellerar til tjukkaser. Og Nintendo har til og med lansert ein heil spelkonsoll, Wii og tilhøyrande spel som WII Fit, basert på ideen om at spelentusiastar har dårleg samvit for at dei er i så dårleg form. Oppskrifta var enkel; kvifor gå ut og vere aktivitet når du kan svinge armane dine heime? Dette slår jo fullstendig feil ut, og Wii har som kjent hatt ein litt problematisk start på si karriere. Kanskje det simpelthen er fordi at spelentusiastar ikkje føler dei treng å trene meir?

Eg skal ikkje hevde å vete svaret, men om dette vert eit problem for spelindustrien, så kan dei alltids satse på spel til triste og deprimerte menneske. For medan dataspelentusiastar ikkje nødvendigvis er feite, så er dei prega av mørksinn i følgje same undersøkjinga. Spel som inkorporerar Lithium og sjølvmord hadde kanskje vore noko? Det minner meg faktisk om eit lite kjent puzzle-spel frå nitti-talet, der bamsen du styrte skaut seg sjølv om du gjekk tom for liv. Resten av spelet var søtt og hyggjeleg... men den lille biten fekk meg til å spele det om att og om att.

Personleg så finn eg biletet av bleike, lubne deprimerte menn som sitt i ein sofa, i ein kjeller og speler dataspel i mørkret... besnærande. Men så likar eg alle teikn på apokalypsen då.

4 kommentarer:

  1. åsså jei såmm var i ferd me å skaffe mei en fet identitet som spiller - tenker jei dråpper det nå, altfårr mye trimpreg over over det hele.

    SvarSlett
  2. Øy! Du der! Skriv skikkeleg! Det norske språk må tryggjast! ;-)

    SvarSlett
  3. Så får eg vel krypa til korset, og eta i meg alle dei fine orda eg vrei ut or hovudet for litt sidan - heretter skal eg henfalla til langt framskriden variant av norsk grautmål - ha. =)

    SvarSlett
  4. Det er det venaste målet me har. Gå og spel data no!

    SvarSlett