måndag 22. september 2008

Boll på NRK

Uwe Boll... Doktor Uwe Boll. Helsefarleg filmskapar. Eg har kanskje nemnt dette før, men mannen er klin sprø. Eg er blant dei som har lidd meg gjennom fleire av hans verk, inkludert hans nyaste åtak mot god smak - Postal, og eg må ærleg innrømme at i dei fleste tilfeller er dei ei liding å sjå filmane hans. Sjølv om ein ser vekk i frå at han valdtar gode idear utan glidemiddel, så er det framleis ikkje til å sjå vekk i frå at mannen ikkje kan regissere. Han kan ingenting om timing eller å spaningskurver... eller noko som helst anna som har med god film å gjere.

Det er faktisk hinsides å vere så dårleg at det er gøy, det er ikkje det... på den andre sida. Så er det gøy å sjå han i aksjon når han er framfor kamera og skal forsvare seg mot kritikarane. Enten det no er med boksehandsker, det elendig skrevne ord eller med usamanhengjande, frådande verbale utspel der han erklærar sin genialitet.

Det skulle berre mangle at høgkulturens høgborg, NRK, lar denne mannen sleppe til på eit av deira meir populære program, Store Studio. Det intervjuet kan du sjå her, og litt ekstra godbiter frå saka (Too hot for TV) finn du her.

Berre prøv å sjå for deg denne mannen gje fornuftige instruksjonar til skodespelarar...

2 kommentarer:

  1. Mannen er gal. Definitivt. Jeg vil ikke kalle harseleringen hans med religion kritikk, mer fiendtlighet. Du er ikke kritisk når du kaller religiøse mennesker klin dumme, fordi du ikke forstår hva de gjør.

    Og å faktisk utføre voldelig hevn mot kritikere, eller motstandere, og forsvare det med at de begynte? Greit nok så har han et poeng i det at de møtte opp frivillig.

    Jeg har nylig ledd meg gjennom a dungeon siege tale, det skal han ha. Tidenes drikkelek, hvilke filmer har han rappet ideene fra! Jeg og min medlidende endte vel opp i tolv, utenom dataspillet.

    SvarSlett
  2. Rappe idear er ein ting... det er lov.... menneh... han kan jo ikkje regissere? Filmane hans har null timing, og skodespelarane ser ikkje ut til å ha fått noko som helst instruksjon i kva dei faktisk gjer på.

    SvarSlett