søndag 14. september 2008

Eit dykk i arkivhylla

Eg har vore såpass lur at eg har tatt vare på ein del av mine skriveri for ettertida, og då eg nyleg flytta her til var det ein del som var uroleg for at dette arkivet ville forsvinne. Men frykt ikkje, det vil ta tid, men det beste vil verte bevart. Ein må berre hugse på å minne meg på det i ny og ne, så skal eg grave fram ting.

Eg vil då, som sant det lar seg gjere, leggje innleggja inn på den rette datoen i forhald til kva tid dei først vart annonsert. Og heller gje beskjed i eit samleinnlegg kvar gong eg har lagt ut ein fire-fem saker. Då eg ikkje har høve til å overføre kommentarane sakene fekk, så vil eg, som i eit av tilfelle denne gongen, inkludere noko av det som vart skreven til saka av andre då. Og eventuelt sette det heile i ein kontekst om det er nødvendig. Eg ber at folk som har kommentarar til dei originale sakene legg sine kommentarar der, og nyttar denne blogposten til å kommentere arkivet eller dei utvalte sakene som heilhet. Det er for at eg skal klare å halde orden på alt vettu... ordnung muss sein!

I denne omgangen var det fengslinga av Adnan Oktar som inspirerte meg, denne karen hadde eg allereie omtala eit par gonger førre år: I Harun Yahya og Wordpress.com fortel eg om korleis denne kreasjonisten klarar å øydeleggje for tyrkiske bloggarar. Kort tid etterpå kunne eg under overskrifta Harun YahYARRR, avsløre at ikkje berre var han ein skurk frå James Bond-filmane, men ein vassekte pirat.

Greven er kanskje ingen pirat, men han er ein heftig nerd, og som eg har avslørt så er han faktisk Nerdanes Greve, og han får difor ein heilt naturleg plass i denne arkivoppdateringa.

Sist ut, men absolutt ikkje minst, er soga om korleis Hastur, den gule konge vart den gale mulla... og konsekvensane av det som fulgte i kommentarfeltet etter annonseringa. Dette er temaet for teksten Ny karriere? Her vert det prova ein gong for alle, at eg burde ha vore ein fribrytarstjerne, ikkje ein lettare henslengt skribent.

Eg vonar de sett pris på desse perlene frå mitt lille arkiv. Eg tenkjer dei til glede for nye og gamle lesarar.

2 kommentarer:

  1. Hm, litt opphengt i bøker om enkelte temaer? Ev. fascinasjon for enkelte titler?

    Det er nok enkelte terapeuter jeg håper ikke ser i din generelle retning. "Men bøkene dine husker"...

    SvarSlett
  2. *kremte* er det no eg berre skal gje opp å bedyre min uskuld? ;-P

    Eg må vel ærleg innrømme at seksjonen av bokhylla ikkje var tilfeldig valt, men eg kunne sikkert valt ein som var verre òg.

    Dessutan er det ikkje eg som er opphengt, det er resten av samfunnet - eg har eit velbalansert og fornuftig forhold til alt brunt! ;-P

    SvarSlett