torsdag 18. september 2008

Electronic Literature in Europe

I forrige veke var Universitetet i Bergen åstad for Electronic Literature in Europe, ein konferanse heilt i spissen av digital litterær kunst. På dagtid var det satt av fleire timar til teoretiske innlegg og debattar, medan kveldene var satt av til performance og framvising av kunstverka. Det verkeleg spesielle er det at fleire av teoretikarane òg var kunstnarar, og fleire av kunstnarane var teoretikarar.

I salen under konferansen satt den Gale Mulla og overvaka utvekslinga med eit lurt smil. Det var spanande, interessant og underhaldande. Ingenting er som litt spenstig akademisk usemje, og kulturkollisjonen som oppstår når 50 meir eller mindre eksentriske menneske samlast.

Les meir om elektronisk litteratur og konferansen hjå forskning.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar