tysdag 23. september 2008

Erke-engel Uriel talar

Eg følgjer litt i Asbjørn sine fotsteg, sidan eg fall fullstendig i staver for den Unarianske rekrutteringsfilmen The Arrival, og vil gjerne presentere dykk for erkeengelen Uriel, medgrunnleggjaren av den vidunderlege religionen; Unarius.

Dette er engelen som Alex Heard så høfleg omtalte som "a true American original who combined the couture sensibilities of a drag queen with the joi de vivre of a Frisbee-chasing Irish Setter."

Eg trur ikkje det kan seiast meir presist enn det. Unarius går inn i rekkja av bisarre sci-fi og UFO orienterte religioner som Raelianarane og Scientologikyrkja, og tok kjapt ein trygg posisjon i mitt hjarte. Det heile byrja med Ernest Norman som frå 1954 kanaliserte ei rekkje bøker som viste vegen mot sanninga, og denne sanninga tok ei langt meir fargerik og praktfull form enn tilsvarande sekter. Særleg om ein skal ta utgangspunkt i Ruth Norman, AKA Uriel, sin påfuglaktige framtreden mot slutten av hennar karriere.

Det er så mykje eg kunne ha fortald som ein kan finne ut ved å snoke på desse folka, men noko må eg spare til seinare. Eg vil berre gjere som Asbjørn og anbefale alle til å sjå The Arrival, og nyte showet for det som det er verdt.

Og hugs... i motsetnad til kva som er mote i sekter i dag, har aldri Unarius drept nokon eller begått kollektivt sjølvmord. Sjølv når profetiet om ein romflåtes ankomst i 2001 tilsynelatande slo grundig feil... medmindre vi ikkje har fått vete heile sanninga om kva som treff WTC 11. september då sjølvsagt.

9 kommentarer:

  1. Ingen har tatt feilslåtte profetier om den nye tidsalderen med så stor sinnsro som Unarius. Jeg mener å huske at jeg har inkludert et par av de historiene der i Dommedag.

    Kan ikke på noen måte tenke meg at jeg ikke har falt for den fristelsen.

    Uansett: Uriel rocker.

    SvarSlett
  2. No ser eg berre enno meir fram til den boka.

    Eg mistenkjer eg er nøydd å smekke saman ei side med mine favoritt sekter til neste nummer av Pegasus, då må Unarius vere med. Dei var så søøøøteeeee!

    Uriel var vakker! Har ho blitt fødd på ny enno?

    SvarSlett
  3. Ikke noen diskusjon om det som jeg har sett. Mistenker at holdningen til det kanskje ligner litt på Scientologys holdning til Hubbards evt. reinkarnasjon: "Tror ikke det er nødvendig."

    På den annen side er vel hennes rolle mer som bodhisattvaenes, så hvem vet?

    (Historien hennes mot slutten av livet er ellers så kjedelig at jeg ikke skriver om den - bedre å huske henne som den livlige setteren.)

    SvarSlett
  4. Eg vil starte ein storslått jakt på den attfødde Uriel.

    Kven vert med til Los Angeles for å starte eit reality show med det som fokus? :-D

    SvarSlett
  5. Kult konsept, men salig Douglas Adams sa det som trenges om geografien: "wunky, lunky … and all kinds of bad stuff, woo."

    Eller noe sånt. Husker ikke alle fire bind ++ ordrett lenger.

    SvarSlett
  6. Men eg trur det er den einaste staden noko slikt kan få gjennomslag... om ikkje San Fransisco? ;-P

    SvarSlett
  7. Lille Dille har noen bilder fra det området som han liker å vise frem.

    Mange litt... spesielle demonstranter. "Flowers in your hair" virker definitivt mainstream i forhold, så jo - SF må være rette by.

    SvarSlett
  8. Excellent!

    *pakke koffert*

    Skal du vere med? ;-P

    SvarSlett
  9. Tror jeg nøyer meg med en liten astralreise og litt populærkulturell nostalgi i denne omgang.

    For nok en gang å si det med scientologer (om Hubbard): "er der i ånden".

    Hm. Kanskje det kunne bli en Cruise/Travolta hit: "Hubbard is everywhere"?

    SvarSlett