fredag 19. september 2008

HARR HARR HARR!

Dette er dagen då forretningsmøter vert pinlege affærar. Blanke, uforståande blikk møter deg i det du brasar inn døra på trefot eller med sjøbein, ein papegøye på skuldra og du helser folk med ein krok i staden for ei hand. I det minste forventar eg at du spytter ut dei mest fargerike maritime glosene du kan kome på. Det er jo tross alt Talk Like a Pirate Day. og då er det din plikt å støte ut ein YARR, ein ARR og ein HARRR! Hiv på ein splitte mine bramsegl, ei kjapp referanse til kjølhaling, grog og saltvatn i årene.

Tenk på det som ei unskulding til å stikke av med ei jolle og plyndre kysten. Du har alltid hatt lyst til, innrøm det!

2 kommentarer:

  1. Splitte mine bramseil, mann! Du MÅ byrje å få ut denne meldinga enten dagen før eller tidleg på morgonen. Du kan jo ikkje forvente at kvar ein landkrabbe skal ha nedtegna denne merkedagen i almanakken sin.

    No er arbeidsdagen nesten over og dei beste sjansane til å trøkke til med ramsalte fraser har forsvunne i horisonten. Akk...

    SvarSlett
  2. Hallo? Har du ikkje tatovert datoen på ein lett synleg kroppsdel, du altså?

    Du får gå ut i frå at eg har gjort jobben for deg òg, og at det har gått bleike og forskremte studentar ut av kontoret mitt heile dagen ;-)

    SvarSlett