onsdag 10. september 2008

I spjeldet med deg!

Ingenting er som å verte minna på gamle kjenningar, og i dag kunne altså Asbjørn melde at Adnan Oktar har hamna bak lås og slå. Eg merkar at eg vert fyllt av ein viss vemod, for som den ekte skjeggete piraten eg er, så er det trist å sjå at Tyrkias ektefødde kreasjonistpirat, blant venner kjent som Harun Yahya eller YarrYarr (ikkje forvekslast med Jar-Jar, det er copyright på slikt), no ikkje lenger vil seie på dei sju hav.

Svindler, antatt seksualforbryter og Bondskurk
er berre nokre av dei flotte stillingstitlane han har på sin CV, i tillegg til pirat, gærn islamistisk kreasjonist og aromaterapeut. Eller kanskje ikkje sistnemnte, det er berre noko eg mistenkjer.

Mange timar av mitt liv (som eg aldri får att) har blitt tilbragt med å sjå dokumentarar basert på hans verk, der det vert demonstrert at Djevelen inspirerte Darwin som inspirerte satanismen i sine ulike former som kommunismen og nazismen. For alle veit jo at, Darwin dyrka djevelen... både han og hans beagle. Og det er synd å tenkje på at det ikkje vil dukke opp fleire gullkorn (eller lærebøker i kreasjonisme) frå den kanten på ei stund.

På den andre sida minna det meg på eit par poster eg må grave opp frå arkivet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar