laurdag 6. september 2008

Ja, så var vi her då

Då var det offisielt, eg har flytta meg hit, og eg skal eg vere ei stund framover. Dei bloggmessige endringene gjorde det fristande å ta ein lengre pause frå blogginga, og fokusere på langt meir presserande arbeid.

Kloke djevelske stemmer fekk meg til å ombestemme meg, så no skal eg skrive her til eg evt. flyttar meg til eiga domene.

Kva er det som har skjedd spør du? Kvar vart det av min gamle blogg? Eg vil ikkje gå i detalj heilt enno. Eg vurderar framleis kva eg skal gjere med det, og korvidt eg skal synke like lågt som min motpart. Eg har fleire alternativ akkurat no, men dei neste par dagane skal eg la det liggje og fokusere på andre ting. Inntil eg seier noko meir, så tenkte eg at eg skulle presentere ting i kortformat. Noko fleire har gjort allereie (som her og her).

Det har lenge kvilt ei mørk skugge over nettsamfunnet eg har vore ein del av i 5 år. Eg har vore aktiv på Enjoydiary sidan august 2003 då eg første byrja å føre pennen under namnet Hastur på nett. Den mørke skugga var kasta av ein administrator som lot sitt ego kome i vegen for det meste, og stadig var ute med særs uprofesjonelle tiltak. Noko eg har vore kritisk til heile vegen. Då eg posta nokre fotografi av nokre kjekke tyskarar i uniform. Administratoren fekk det for seg at desse bileta var copyrightbelagt, diverre var det ein del hol i dette (som at dei var public domain, at fotografi har begrensa beskyttelse og at det ikkje er hennar ansvar). Då eg demonstrerte at dette ikkje stemte var løpet køyrd, administratoren var redd for å tape andlet etter å ha starta eit offentleg oppgjer. Ho kunne ikkje tillate seg sjølv å ta feil. Og vips var bloggen min sletta. Og eg var ikkje åleine om det, sidan det å protestere mot det var òg grunn nok til å få kontoen deaktivert.

Personleg tykkjer eg det er interessant å kunne starte på nytt. Vemodig er det å ikkje lenger ha arkivet med neste daglege innlegg frå dei siste 5 åra av mitt liv, og alle dei utfordringane eg har møtt, og endringane eg har gjort på vegen. På den andre sida... så slepp eg å ha fortida på slep. Så her er ein skål for nye byrjingar, ein der personlege pjatteinnlegg som dette vert sjeldne. La oss konsentrere oss om noko interessant.

Eg har eit par gode idear framover, så eg satsar på at det kjem både det eine og det andre. Dette er mullaen med ein ny minaret, og her skal det gaulast. Og dei som fryktar for mine gamle saker, følg med - eg skal gå gjennom det eg har av gamle saker og leggje dei ut i arkivet her. Gjerne med kommentarar om då eg skreiv dei. Eg kjem til å annonsere eit par runder med arkivsaker framover. Om de har ønskjer, så rop ut, så skal eg sjå om eg har det.

Så nok ein gong, skål for nye byrjingar. Blogspot is the wetspot! Eller noko slikt!

16 kommentarer:

  1. En maa da ha noe slags krav paa sitt skrevne verk?

    SvarSlett
  2. Ja, det har ein sjølvsagt, men ein har ikkje krav på hosting av det. Så ho har ingen rett til å slette mitt andsverk utan å tilby meg heile arkivet.

    Noko slikt kan ho saksøkjast for, og eg anbefalar alle som utsettast for det om å stå på sine prinsippar. Her har ein lov og rett i ryggen.

    Sjølv dei av oss med meir anarkistiske legninger veit å respektere slikt.

    SvarSlett
  3. Hvis arkivet ditt er borte, vil jeg anbefale å gå løs på selveste internettet med google og hurtigbuffer.

    Før det er for sent.

    SvarSlett
  4. Eg har sikra det viktigaste tenkjer eg. Skal sitte og bla litt i morgon og sjå om eg har alt eg tenkjer eg treng.

    SvarSlett
  5. Gratulerer med ny heim, skjeggen. Mi erfaring med ED er stort sett utelukkande gjennom din blogg, og inntrykket mitt var at det eigentleg berre er dugandes til ekstrem sosialpornografi frå kåte tenåringar (og nesten-tredveåringar som skulle ynskje dei framleis var 17).

    Vonar du finn deg til rette her, men du bør gå og rote litt i koden din, for templaten din er litt for koseleg no.

    SvarSlett
  6. Rote i koden ja... når eg får tid, men eg tenkte eg skulle ha ein lys og triveleg design denne gongen. Lettare på auga.

    SvarSlett
  7. Det er vel på sin plass med lukke ønskingar frå meg òg. Tenkjer det blir fint å ha deg på blogspot, eg. Som du seier: Lyst og triveleg - lettare på auga.

    Hald fram med tøyset. IÄ IÄ!

    SvarSlett
  8. Confiteur: Takk skal du ha, eg vonar du finn svineriet opplysande, berikande og... ontologisk tilfredsstillande? Ja. La oss seie det slik,

    Bad Mynock: Takk takk, gamle ørn. Må fikse litt på designet når eg føler litt grafisk kreativitet. Men lyst skal det vere.

    Eg har allereie fått tilbod om både hosting og andre domener, så eg veit ikkje heilt kva eg gjer. Men det høyres ut som frykteleg mykje styr.

    SvarSlett
  9. Tsk, tsk. Min erfaring er dessverre at copyrightlovgivningens uklarhet er et svært yndet verktøy i psykopatenes hender. Selv en viss liten italiener fikk imidlertid utlevert materialet fra en inndratt blog, så det burde ikke være så vanskelig for deg heller.

    SvarSlett
  10. Skifte av blogspace har jeg strengt tatt ikke noen større erfaring med. "ny start"-konseptet og varianter av skåling derimot =)
    Blir med på en virtuell skål, og 'ved høve' en ekte. Skal bli interessant å følge med på denne kullsvarte, fargerike mullahens nye blogg.

    SvarSlett
  11. Snirkelsnorkel: I tilfellet av italienaren så var vel psykopaten i andre enden av forhandlingane, eller kva?

    Men slapp av, eg har det meste eg treng av arkivmaterial. Og eg får vel sende avgarde ein mail om resten.

    Morten S.: Det er bra du heng med. Skåling må vi gjere ja, stikk innom kontoret ein dag eg har med lommelerka ;-)

    SvarSlett
  12. Tja... fulgte med deg på Ed, så vi kan vel si det slik ;)

    SvarSlett
  13. No vart eg særs nyfiken på kven du var der, Confiteor ;-)

    SvarSlett
  14. Jeg fulgte ikke med på deg på ED, kan vel telles på en hånd de gangene jeg tittet innom - men er jammen glad jeg gjorde det den dagen du postet tyskerbildene dine, slik at jeg fikk det avgjørende sparket i ræva og tenkte "Nei vettuhva, nå får det være nok!" og slettet meg fra ED. Noe jeg skulle gjort for en god stund siden, men har bare vært treg og hengt fast i tilganger i andres dagbøker osv. Takk for det! ;) Digg å føle seg litt mer fri. Fint å se du også har flyttet til blogspot.

    SvarSlett
  15. Godt at spetaklet hjalp deg, Elizabeth, så værsågod ;-). Det er viktig å stå på sine prinsippar, dei som prøver å tråkke på dei vil alltid mislukkast. ED raknar nok ein gong.

    SvarSlett