tysdag 30. september 2008

Litt punk, litt hip hop

Sidan vi dekka Death Metal og Techno i helga, må vi nesten gje litt kjærleik til andre sjangrar òg. Mullaen er jo likestillinga sjølv! Så då er det vel berre å trekkje fram at det nyaste nummeret av HEFs Fri Tanke inkluderar eit lengre intervju med frontmannen i det ganske så veletablerte (og rocka) punkbandet Bad Religion. Greg Graffin er biologiprofessor, humanist og punker, og har skreve nokre av dei betre punklåtene som har komen frå andre sida av atlanteren... og er blant dei få punkartistane Mullaen anbefalar.

American Jesus, på tross av å vere litt på kanten av kva eg likar av religionskritikk, treff ganske godt. Og fenger suverent. Og er berre ein av eit ganske stort repertoar av låter frå Bad Religion som får tommelen opp.

Bad Religion er eit døme på at punken har eit potensial for å vere berarar av gode, meiningsfyllte tekster. Politikk og religion har tross alt ein viktig stad i kunsten. Ein annan sjangar som på lik linje med punken likar å kaste vekk dette potensialet sitt er hip hop og rap. Med sitt fokus på vald, sex og rein idioti drukner det meste som kan vere eit positivt bodskap i sjangaren. Kritikarar vil hevde at hip hop har gjort meir for å undertrykke den svarte byungdommen, enn å frigjere den, og det er kanskje mykje i det. På den andre sida, skal ein kanskje vere varsam med å fråta folk skulda for sine val, og skulde alt på musikk. Som gangsterrapper Ice Cube påpeiker på sitt sedvanlege vis.

På den andre sida, så er kanskje ikkje Ice Cube den som er mest kjent for sine konstruktive innspel eller djuptgåande analyse. Diverre. Hans utvalte paralleller og kontrastar i denne nye videoen er kanskje litt for openbare, og lite nyvinnande... på den andre sida. Så skjuler dei kanskje eit pittelite poeng.

Var det nokre andre sjangrar der ute som treng litt kjærleik no?

11 kommentarer:

  1. Sjangrar som treng kjærleik:
    Grindcore (egentlig alle sjangrar som slutter på core)
    White Metal
    Bhangra Metal
    Drum n bass
    Fusion Jazz
    True Norwegian '70s progrock

    SvarSlett
  2. Me kjenne jo alle herligheten "Punk Rock Song".

    Og når det kjem til sjangrar som treng kjærleik så treng eg vel ikkje seia noko...

    SvarSlett
  3. Nei, Grungepojk. Ingen kjærleik for det svineriet.

    Ørjan... eg skal heller sjå kva eg kan få til? Men GenericCore? ;-P

    SvarSlett
  4. Jeg lagde en liste over sjangre som høres helt banan ut i fjor:

    http://rodtsentrum.wordpress.com/2007/11/10/konsert-og-musikk-definisjoner-med-sp%C3%B8rsmal-til-dere/

    * Cowpunk, (Er ikke både Punk og Country egne sjangre? Hvorfor er kombinasjonen en rock-sub-genre?)
    * Wizard Rock, (Hørtes egentlig ut som noe for en rollespiller som meg, men…)
    * Oi!, (Oppfinnsomt, veldig oppfinnsomt)
    * Amerikansk Coldwave (This sound-wave makes me cold)
    * Fransk Coldwave (Ce bruit-ondulez les marques je froid) ((Ifølge Babelfish))
    * Power Violence, (I motsetning til hva da? Low Energy Violence? Slow Violence? Power Peace? Power Love?)
    * Goregrind (Hørtes da avsindig voldelig ut… Kanskje det er meningen? Betyr “Grinding” danseformen, sånn man ser i splatterfilmer, eller noe helt annet?)
    * Gamecore (Go Black Mages!)
    * Krautrock (Tysk kål-rock?)

    SvarSlett
  5. Sjølvsagt er cowpunk rock, punk er jo rock, og det finnes jo køntrirock...

    Utover det, min gode mann, trur eg helst at desse sjangrane dine ikkje treng så mykje kjærleik som eit nakkeskot.

    Vi treng ein sjangarorientert Einsatzgruppen!

    SvarSlett
  6. http://www.city-journal.org/html/13_3_how_hip_hop.html

    En fin liten artikkel med kritikk av hip hop.

    SvarSlett
  7. Bra artikkel det Didrik, men ikkje overraskande at eg ikkje seier meg heilt samd i heile analysen med tanke på kva publikasjon den er i.

    Det er heilt klart at Rap og Hip Hop i dag i ein overveldande grad forsterker negative stereotypiar og fremjer anti-sosial atferd blant svarte (og dei kvite skitungane som sleng seg på). Det er direkte trist.

    I motsetnad til artikkelen meiner eg derimot at dette ikkje åleine er skulda av rappens form og uttrykk, ei heller det historiske opphavet. Eg har merka klare forskjeller på ulike artister, der nokon faktisk har hatt eit langt meir positivt bodskap. Desse har drukna i gangsterifiseringa av rap og hip hop, noko eg reknar som ein følgje av kommersialiseringa av rap. Kanskje til og med ein medviten uskadleggjering av rap, i det kommersielle aktørar luka ut ein kvar moralsk bodskap i tekstane til fordel for lettselgeleg sex og vald. Minste felles multiplum og denslags skammeligheter.

    Ta Ice T til dømes, rekna som ein av dei originale gangsterrapparane. Sei kva ein vil, men ein kan ikkje nekte for at sjølv dei mest valdlege tekstane slutter med at "hovudpersonen" får sin straff. "The cops will be there when you crash" som han seier.

    Det virker derimot som den svarte byungdommen og rapparane som fulgte etter ikkje hadde tolmod nok til å høyre ferdig låta. Og på lik linje med konservative kritikarar høyrde dei berre strofene "Fast cars, fast money...".

    Noko gjekk gale undervegs, og om eg ikkje støtter analysen eller den historiske gjennomgangen til den nemnte artikkelen - så er konklusjonen den same. Hip hop og rap forherleggjer ein ukultur som sprer seg i den urbane jungel.

    Og til det seier eg - blech.

    SvarSlett
  8. Ørjan:

    Jeg lurer litt på hva som er true Norwegian '70s progrock. Og hva som er heretisk.

    Tar gjerne et grunnkurs.

    SvarSlett
  9. Bjørn: Popol Vuh og Popol Ace er vel så true som prog kunne bli. Den godeste Jahn Teigen takker nei til å bli vokalist i Genesis for å satse på stjernestatus i Israel. Det er necro det.
    Ellers er det mer info her:
    http://www.progrock.no/index2.html
    Har dessuten oppdaga den fabeliaktige plata Bhangra Bloody Bhangra, meditative stonerbhangra coverversjoner av Black Sabbath, vakkert.

    Sjangre som trengs sårt:
    Emo-hop
    Black raggae (satanistisk raggae)
    Folk-hop
    Trip-joik
    folk-core
    bhangra-core
    world-core
    industri-joik
    fisjonsjazz
    Haikudoom

    SvarSlett
  10. Joda, Hastur, du har rett i mye av dette. Men jeg oppfatter det slik at McWhorter tar høyde for disse innvendingene i sin artikkel. Den er faktisk slett ikke så unyansert. Selv har jeg lest den to ganger, og oppfattet den som mer åpen og undrende ved annen gjennomlesning.

    Jeg elsket hip hop da jeg var yngre, jeg kommer tross alt fra Holmlia, og flere av mine favorittplater gjennom tidene tilhører genren. Men i motsetning til deg er jeg faktisk enda mer skeptisk til den "politiske" hip hop-musikken enn jeg er til gangster-rap'en, full som den er rasisme, konspirasjonstenkning og annet guff.

    SvarSlett
  11. Ørjan... vi treng verkeleg ikkje desse sjangrane dine ;-)

    Didrik: Eg har lest artikkelen tidlegare òg, og eg hadde vel eigentleg same inntrykk då som no. Men det kan hende eg har høyrd på andre artistar enn artikkelforfattaren, og eg mistenkjer, så har vi beggje brukt meir tid på det enn han.

    Det er mykje tvilsam poltikk ute og går i Hip Hop, ja. Og altfor mykje rasisme, men eg meiner likevel at det er noko som har særprega særleg dei siste 20 åra av sjangaren.

    SvarSlett