tysdag 9. september 2008

Postvesen, I choose you!

Postvesenet skiftar logo. Og dette får jo folk til å reagere. Det er ikkje lett dette med endring. Posten har gjerne alltid hatt ein gamalmodig logo, prega av den litt gamaldagse institusjonen det er, men no skal dei altså verte hippe og kommerse. Ekspandere til resten av norden og som gode kapitalistar sluke det dei sluke kan. Nyliberalisme er morosamt. For denslags aktivitetar treng òg tidsriktige, hippe logoar. Og då er vi attende til poenget - folk er ikkje så glad i denne hippe logoen, overraskande nok. Kva no enn den representerar, så ser den ikkje så faretruande ut... men vent litt...

Kva er dette?! Er det det eg trur det er? Ja! Det er ein Pokè Ball! Den nye logoen til Posten er eit verkty for å fange Pokèmonar, desse livsfarlege vesna som utkjempar sine brutale slagsmål i japanske teiknefilmar (og ein må berre anta bakgardar i Tokyo). Korleis posten er involvert her vil eg helst ikkje vete... eg har ein venn, som er postmann, som var i Japan for ikkje så lenge sidan... og bileter byrjar å danne seg i hovudet mitt. Dette er ikkje pent... verkeleg ikkje pent. Kva har denne mannen gjort?

For å finne ut av dette har ein annan venn, kjent som Blinky eller Trubadurix, tatt kontakt med Nintendo, og vist dei den logoen til posten. Dei var visstnok veldig interessert i dette.

Vi får berre håpe at Nintendo kan klare å frigjere Pikachu og dei andre frå det norske postvesenet. Posten bør drive med post... ikkje med animerte hanekampar.

5 kommentarer:

  1. Posten er kul.
    Posten tar plass.
    Fløtt deg for posten.
    Posten gir gass.
    Yo.

    SvarSlett
  2. Eg likar postvesenet eg. Det er ganske heftig... berre ikkje når det er svoltent og et posten min.

    SvarSlett
  3. Nå skal jeg ut på eventyr,
    for jeg har fått et kall.
    Å levere ut posten din,
    som bor inni en ball!

    Reiser over land og strand,
    ut på evig jakt.
    Leverer post, se det går an,
    å sende den som frakt!

    Posten/Bring!
    Sender posten,
    for deg og meg.
    For det er jo det jeg må,
    Posten/Bring!
    Du min beste venn,
    og vår jord vi elsker den!

    Posten/Bring!
    Sender posten,
    Jeg blir så lei,
    Men portoen viser vei!
    Du gir meg og jeg gir deg
    Post og brev!

    Sender posten nå,
    Sender posten nåååå,
    Posten/Bring!

    (c) Hasbro 2008

    SvarSlett
  4. Imponerande bra, jbq.

    Og skremmande, veldig skremmande. Treng du fleire skriveoppdrag altså? Eg skal sende noko til deg så snart eg kan ;-)

    SvarSlett