måndag 1. september 2008

Putin, vår helt

Putin, det er vår mann det. Han er min mann i alle fall, og han burde vere din. Han er ein ekte helt, av det gode gamle slaget. Ein mann av stål, og full av sjarm. For ikkje å snakke om tvilsame forbindingar til etteretning og mafia - det er simpelthen ikkje lov å ikkje like denne kjekkasen.

Eg meiner simpelthen at han er den einaste aktuelle kandidaten som statsminister i dette landet vi burde vurdere. Om vi ikkje satsar på president... eller konge... eller Tsar. Uansett kva vi kallar stillinga, bør det vere Putin, og det bør vere på livstid.

Berre tenk; i helga kunne vi lære at Putin eigenhendig redda eit tv-team frå ein tiger som gjekk til åtak på dei. Ein kunne nesten forvente at han nedla tigeren med berre nevane, men vi veit at han er sporty og ønskja å gje tigeren ein sjanse så han brukte noko så upresist som ei rifle. Kor fantastisk er ikkje det?

Eg bøyer meg i støvet! I støvet for Putin, alle mann!

Om vi ikkje forten det, så treng vi alle ein mann som Putin som musikkvideoen seier.

Jentene bak denne låta har klart å sette namn på det vi alle tenkjer, men om det er vanskeleg for dykk å konsentrere dykk om russisk song og fransk tekst, så er her ei engelsk utgåve.

Dans Putindansen. Og tapetser veggen av mannen i bar overkropp... det har eg gjort for lenge sidan. Leve Tsaren!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar