laurdag 13. september 2008

Soga om Enjoydiary del 1: Opningssalver

Det har vore etterlyst ei fullstendig redeggjering for kva som hendte med meg på min forrige tilhaldsstad, Enjoydiary (ED), og etter førre vekes utvekslinger fann eg ut at det var på sin plass. Eg hadde nemleg lenge vurdert å la saka liggje, evt. handtere det på eit modent og vaksent vis... men slikt når diverre ikkje fram i slike kretser. Enjoydiary har lenge vore plaga med problem og eit dårleg rykte, og ein kan gjerne hevde at det er dette som skjer med kvinneleg leiing av ein skokk med jenter, men det er faktisk ikkje så enkelt. På tross av administratorens påstandar om det motsatte er ikkje verda i mot henne eller hennar hobby, verda bryr seg strengt tatt ikkje og det er ikkje slik at folk har gått inn for å gjere livet hennar vanskeleg. Faktum er vel heller at forutan eit par bråkmakarar som har dukka opp i ny og ne, så har alt bråket på Enjoydiary dei siste åra alltid vore starta av henne sjølv, og hennar håndlangarar sjølvsagt. Den såkalla "Taskforce", eit finurleg namn det er sant, sjølv hadde eg foretrukke Innsatsgruppa. Det har seg diverre seg slik at Lexidh Solstad, den mykje omtalte administratoren på Enjoydiary ikkje taklar å ta feil, og har ho først fått ein idè i hovudet så nyttar det ikkje å snakke til henne. Å protestere er å rakke ned på henne, og då kjem straks den vanlege talen om at alle er i mot henne og at ho vil stenge serveren. Det er dei av oss som har sett på dette mønsteret med ei viss undring.

Etter fleire prosesser mot populære bloggarar som Antiqueen på Enjoydiary, samt eit par andre litt merkelege utspel, har Lexidh Solstad klart å få eit rykte på seg i den norske bloggeverda som litt... alternativ. Folk lurar strengt tatt mykje på kva som foregår der. Og eg vonar denne lille soga vil hjelpe på. Eg vil ta utgangspunkt i mi eiga soge, som eg tykkjer illustrerar pent korleis policy fungerar på sida. Eg skulle gjerne supplert dette med reglementet frå ED, men sidan administratoren blokkar IP-adressane mine for å hindre meg i å lese, eller kome til ordet når eg vert omtalt så er ikkje dette mogleg.

Det heile dreier seg i utangspunktet om copyright og den norske andsverklova, konsept som Lexidh er veldig opptatt av å bruke som våpen, men som ho ikkje har vist noko forståing for i dei åra eg har hatt med henne å gjere. Denne soga byrja med eit lite innlegg i min blogg. Eit innlegg du kan finne i sin heilhet her. Eit heller velmeinande innlegg om det å smile til verda på sett og vis. Om Enjoydiary sin administrasjon tok dette personleg anast ikkje, men reaksjonen kom i alle fall. Ikkje i form av ei formell klage, men i form av ein kommentar i bloggen. Så, utan meir om og men, legg eg ut heile utvekslinga med Lexidh Solstad her:

Lexidh: Copyrightregler. De må nok bort ja.

Korpå eg svarar: Eh, nei? Ikkje etter ei normal fortolking av copyright.

Du skal leite lenge for å finne nokon som krev opphavsretten til desse fotografia. Og sidan dei ikkje er å rekne som andsverk, så har dei mindre omfattande beskyttelse under norsk lovgjeving. Fotografia er fri for bruk 15 år etter fotografen (ukjent i dette tilfellet) er død, og er total frisluppen etter 50 år.

Noko som nok er tilfellet med desse fotografia.

Om du vil følgje amerikansk lovgjeving fallar dei under Fair Use.

Lexidh: Vi følger norsk lovgivning. Siden du ikke en gang vet hvem fotografene er så foreslår jeg at vi slipper å krangle om det her og du følger reglene her på ED.

Hastur: Vel, om det er norsk lov vi følgjer, så er det verkeleg ingenting å krangle om.

Sjå paragraf 43a i andsverklova, for ein definisjon av andsverk kan du sjå paragraf 1 i same lov.

Vidare bør ein kanskje merke seg at andsverklova beskytter andsverk, ikkje historiske dokument og etterlemningar.

Trur ikkje admin skal vere redd for illsinte nazi-fotografar som står opp frå grava for å hamre på døra hennar ilag med sine advokatar.

Lexidh: Admin er ikke redd for nazi-fotografer, admin mener at du ikke skal bruke noen bilder som ikke er dine. Ingen unntak. Så med mindre du har gjenoppstått fra nazi-tider så foreslår jeg at du fjerner hele innlegget. Admins har nemlig bedre ting å ta seg til enn å finne ut om fotografene har vært døde i 15 år. Noe som slettes ikke er så sikkert.

Hastur: Du har sjølv erklært at her følgjer vi norsk lovgjeving. Og det er deg gjer.

Eg foreslår difor at før du hevder å handheve norsk andsverklovgjeving og sedvanerett, så sett du deg inn i den. For etter norsk lov så er det einaste andsverket som vert trua her min tekst.


Lexidh: Skal du virkelig krangle med meg om et innlegg der du ber en død nazist om å smile?

Fjern det. Nå.


Hastur: Det er vitterleg ikkje eg som kranglar.

Her forekommer verken regelbrot eller brot på norsk lov, og dette byrjer å nærme seg sjikane.


Lexidh: Jeg tror ikke vi skal ta en diskusjon om sjikane.
Fjern bildene. De er ikke dine, du skal ikke vise dem via EDserveren. Så enkle regler bruker vi her på ED. Med mindre du mener det er reklame for et produkt, som åpner en helt annen kasse med regelbrudd.


Hastur: Reglementet gjeld material under copyright, og som du sjølv har understreka så følgjer vi norsk lov her.

Og som vi allereie har avklart, og som du må seie deg samd i, så er desse bileta ikkje under copyright etter norsk lov, men til allmenn bruk.

Du kan ikkje endre reglane midt under ein diskusjon, berre fordi du ikkje vil ta feil.

Intet reglement på ED er brudt, inga norsk lov er brudt. Du kan faktisk ikkje då med rette forlange at eg fjerner desse bileta, eller meiner du at reglementet på ED ikkje er meir enn rettleiande?


Lexidh: Jeg mener rett og slett at bildene skal vekk. De er ikke dine. Du aner ikke hvem som har tatt dem. Det er ikke mer vanskelig enn det. Ingen unntak.

Hastur: Eg har ikkje bedt om noko unntak har eg?

Eg forholder meg til det nedfellte reglementet på ED, som er det eg godkjenner ved å vere medlem her. Det står ingen stad i reglementet at administrator kan endre på reglane etter sitt eiga forgodtbefinnande. Og det ville jo vere heilt uhøyrd om det var tilfellet, ville det ikkje?

Reglementet er klart, det omhandlar copyrighbelagt material. Dette er ikkje det, og intet regelbrot har funnen stad.

Så her er det ingenting å krangle om i mine auge, og eg har betre ting å gjere på kontoret enn å sitte her og gjenta meg sjølv.

Lexidh: Jeg har også bedre ting å gjøre. Fjern innlegget. Det er SÅ enkelt. Vernetiden for fotografier gjelder i fotografens levetid, og opptil 70 år etter opphavsmannens død. Det ER ikke noe å krangle om. Det er ikke så lenge siden krigen. Les en enkel versjon litt ned på siden her hvis du fortsatt har issues:

http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Retningslinjer_for_billedbruk


Hastur: Du må vete det er forskjell på interne regler på Wikipedia, som er det du framleggjar. Og noregs lover, les andsverklova, som er den eg framlegg. Og som òg vert sitert nederst i artikkelen du peikar til.

Fotografi har berre begrensa beskyttelse under den norske andsverklova. Og i tillegg kjem sedvanerett for bruk av allment tilgjengelege dokumenter og arkivmaterial.

Og vi har tatt full sirkel her, det er ille at eg må gjenta meg sjølv så ofte når du kan berre lese dei aktuelle paragrafane.


Lexidh: Det er ikke interne regler hos Wikipedia. Ta for eksempel http://foto.no/cgi-bin/nyheter/visNyhetPrint.cgi?id=2437

FJERN INNLEGGET. Siste advarsel.


Hastur: Eg skal sjå mellom fingrane på at du i stadenfor å forhalde deg til norske lover, forholder deg helst til artiklar og reglement funnen på andre sider.

For om du les gjennom lenka du sendte meg, så gjentar den òg det eg seier til deg. Begrensa beskyttelse for fotografi. 15 år etter fotografens død, og opptil 50 år etter første publikasjon.

I tillegg kjem som sagt hensyn til allment tilgjengele dokument og arkivmaterial, noko ingen av lenkene dine tar stilling til.

Eg må be deg nok ein gong lese gjennom andsverklova, då særleg dei tidlegare nemnte paragrafer.

Og Straume, som har spurd deg eit spørsmål om dette sett sikkert pris på eit svar. Du finn hans kommentar på innleggjet.



Straume sin kommentar var som følgjer;
Straume: Følger med interesse "debatten" om hvorvidt disse bildene er copyrightet. Nå skal ikke jeg påberope meg noen inngående lovkunnskap så jeg skal la en eventuell fasit i det spørsmålet ligge. Det jeg derimot ikke helt kan fri meg for å spørre er: Jeg sitter med en snikende følelse av at admin sin lunte er kortere siden dette er nazi-bilder. Lar admin seg påvirke av dette? Eller handler det utelukkende om forskjellig tolkning (evt. manglende tolkning) av norsk lov?

Lexidh: Det handler om å bruke bilder man ikke har rettigheter til å bruke.

Straume: Det var da bra.

I så fall burde ikke dette være noe problem å løse. Begge parter leser åndsverksloven og kommer forhåpentligvis frem til det samme. Om loven tolkes forskjellig peker de på hva i lovteksten som skulle tilsi det ene eller det andre. Slik fungerer en debatt.

Med all respekt så vil jeg påstå at henvisninger til wikipedia og en fotoklubb ikke virker spesielt relevant for saken.


Og med det slutta Lexidh å kommentere saka. Ein skulle tru ho kanskje følte ho ikkje hadde ei sak lenger? Nei, eg mottok ein mail i stadenfor:
Din konto på EnjoyDiary har blitt gitt et straffepoeng pga misbruk. Følgende kommentar ble gitt av administratoren som ga deg straffepoenget:

Brudd på copyrightregler, fotografiske verk.

MERK!
Om du mottar tre straffepoeng på et år, vil din konto bli deaktivert og slettet!


Ikkje så mykje å seie til det. Eg lot innleggjet stå, og følte at argumentasjonen var god nok i seg sjølv. At ein ikkje ville lese andsverklova i slike samanhenger, eller lese det at både wikipedia og foto.no omtalte dei same paragrafane og understrekte det same som eg i sine artiklar, var ein smule urovekkande, men ikkje uventa. Eg lot saka liggje foreløpeg, for eg ville ikkje stille henne i eit dårlegare lys enn ho allereie hadde klart sjølv.

Diverre fekk eg ein ny mail veka etterpå, og med det byrja den andre runden av det heile. Og det vil eg dekke i del 2, for alvorleg tala - ingen klarar å lese alt saman på ein gong utan å bryte saman.

Saka er illustrert ved hjelp av arkivfoto av vår gamle venn jbq; korleis såg du ut då las dette? Send oss dine bilete!

14 kommentarer:

  1. Haha, jeg skjems på Lexidhs vegne - noen må jo gjøre det når hun tydeligvis ikke er istand til det selv ;P

    Gleder meg til fortsettelsen på denne ;D

    SvarSlett
  2. Jeg hadde glatt lest alt på en gang;D
    Herlighet, denne historien er jo fengende til tusen ;)

    SvarSlett
  3. Vent litt...! Er ikkje dette mine reaksjonar i det du hoppar ut av ei kjempekake kun iført kvinneunderty? (sann historie, folkens)

    SvarSlett
  4. Jeg tror jbq sin illustrasjon er ganske nærme mine egne ansiktsuttrykk de første gangene jeg leste gjennom den kommentarrekka der.. Nå har de gått mer over til oppgitthet..

    SvarSlett
  5. Nils-Anders Nøttseter14. september 2008 kl. 11:10

    Dette var absolutt skuffende lesning. Skal man være regelrytter, så må man da for pokker kunne (de riktige) reglene...

    @jack b. quick: La oss ikke tenke mer på den historien, vær så snill.

    SvarSlett
  6. En gang var jeg også borger i diktatorstaten EnjoyDiary. Jeg fikk også straffepoeng og kranglet med henne pr mail. Jeg flyktet like før hun selv fikk gleden av å kaste meg ut. Deretter skrev hun et innlegg i åpen dagbok om håpløse ED-brukere som bare var ute etter bråk (selvfølgelig myntet på meg). Siden jeg akkurat hadde slettet meg, gjorde hun bare dette ene innlegget umulig å kommentere for andre enn brukere av ED. Men jeg kunne jo lese det, for hvem som helst kan lese åpen dagbok.

    Hastur, jeg gleder meg stort til fortsettelsen på soga om ED. For den er helt vanvittig.

    SvarSlett
  7. Herlig lesning! :) Og jeg støtter deg 500 % i denne saken. Har akkurat blitt kastet ut selv pga "adminnedrakking" :P Jeg var bare uenig med henne, som deg og det tåler hun jo ikke.

    Får rigge seg til her istedet. Er så glad for at jeg er ferdig med ED. "Det helvetes-hullet", som Robert sa ;)

    Nicket mitt på ED var Li-Mei, forresten.

    STÅ PÅ!

    SvarSlett
  8. Alle saman: Ja, neste del følgjer etter kvart. Må berre finpusse litt på illustrasjonane, så eg tar det når eg har tid. Eg kan i alle fall love at soga berre vert betre!

    Emerald: Bra nokon tar jobben med å skjemme seg på hennar vegne. Det er verkeleg eit stort behov for det. Eigentleg burde vi tilsette 4-5 stykk til å gjere det.

    Skavlan: Det er fordi du er ein lesehest ;-) Må vise litt omsyn til alle andre òg. Men det kjem.

    Stina: Har du eit bilete av dette?

    Nils-Anders: Skuffande? Hallo?! Spør du meg så er det... fascinerande lesnad! Og når det gjeld bileta; eg har bilete av din reaksjon... glisande vellyst er ordet.

    Fri: Meir kjem, men send meg gjerne utvekslinga mellom deg og Lexidh om den er bra lesnad.

    Anne: Hei, hei, kjekt å sjå at du har funne deg ein nye heim. Må vere varsam med å kva du seiar om og til hennar Lexhidiness!

    jbq: Kvinneundertøy du liksom, det var eit flott skjørt og ein nydeleg topp involvert til å byrje med.

    SvarSlett
  9. Slik jeg ser det, gjelder §45c i åndsverksloven, der personvern til avbildede omtales. Der sies det at bilder av historiske personer kan publiseres fritt 15 år etter deres død, dvs Himmler og Franz er fritt vilt. Men de tre i midten er ikke navngitt, og da er det mer usikkert. Er de døde? De kan være i live om de ikke døde under krigen, og da må man ha tillatelse fra avbildede for å publisere. Med mindre du har hentet disse fra et sted hvor de gjelder som historisk dokumentasjon, hvor tillatelse fra aktuelle side gjelder, noe jeg regner med.

    Uansett er bloggdamen ute å kjøre reaksjonsmessig.

    SvarSlett
  10. Vel, det er ein anonym SS mann og ei dame som eg ikkje har funne namnet på. Ulrich Rudel, det store flygaresset, er den tredje der som du ikkje identifiserte.

    Sjå fram til del 2, der eg tar opp dei konkrete rettane til Hoffmann med Lexidh, fotografen som tok bileta av Franz, og som vart arrestert i 1945.

    SvarSlett
  11. ja, man bør nok være forsiktig.. Jeg reagerte veldig på mailene vi utvekslet før jeg ble kastet ut, fordi hun stadig vekslet mellom å si at admin bestod av flere og at admin bestod av bare henne. (Litt etter som det passet seg..) Og den kommentaren som trigget utkastelsen og det første straffepoenget var det ingenting galt med. Jeg skrev ca tre setninger og det var nok. Grunnen var nok at jeg viste min støtte til alle de som tidligere hadde blitt vist døren ut av ED og fått den slengt brutalt i ryggen på vei ut. Jeg er helt sikker på at jeg vil trives mye bedre her enn hva jeg noen gang gjorde der. ;)

    SvarSlett
  12. Eg vil veldig gjerne lese gjennom den utvekslinga, Anne. Eg lar meg underhalde av dei merkelegaste ting. At Lexidh gøymer seg bak jentene i Taskforce for så å springe ut og vere personleg ansvarleg i neste augneblink er ikkje eit ukjent fenomen, nei.

    No har ho jo òg innrømt at det er ulike regler for dei som er medlemmer av Taskforce, og dei som ikkje er det, men meir om det idel 3.

    SvarSlett
  13. Jeg kan sende deg mailene en dag. De er underlig underholdende ;) Jeg må innrømme at jeg håpet at hun skulle kaste meg ut, da det var det jeg ante at hun ville gjøre og pleier å gjøre når noen er uenig med henne. Hun beviste bare at jeg hadde rett. ;)

    Har du skrevet del 2? Jeg gleder meg! :D

    SvarSlett
  14. Ja, send i veg Anne. Eller publiser dei.

    Del to er nesten ferdig, eg må berre få tid til å velge ut illustrasjon. Skal sjå om eg får tid i morgon om eg får gjort all det betalte arbeidet først.

    SvarSlett