onsdag 17. september 2008

Soga om Enjoydiary del 2: Kamp i tåka

Tolmod skal lønne seg meiner eg, så her kjem endeleg del to av mi soge om Enjoydiary og mi utveksling med administrator der. For dei som ikkje er oppdatert, så spring og les del 1, eller eventuelt "Ja, så var vi her då" for å førebu deg på kva som kjem no.

Som vi hugser frå del 1, så hadde Lexidh Solstad, administratoren av blogg og dagboksida Enjoydiary.net fått det for seg at eit av mine underfundige innlegg var belemra med ein del copyrighbelagt material. Ho valte å informere om dette med eit par ord i kommentarfeltet til min blogg, og eg svarte likeleis der med henvising til dei aktuelle lover og reglement som gjeld for biletbruk i Noreg. Dette førte til ein krangel der ho insisterte på at hennar fortolking av det interne reglementet på wikipedia og ein artikkel på foto.no, i lag med hennar heller bisarre styringsstil, kunne overstyre den norske andsverklova og sunn fornuft.


Då ho etter ein dag med utveksling enno ikkje hadde lest lova ho sjølv henviste til slutta ho å korrespondere, og eg fekk ein mail som informerte meg om at eg hadde fått eit "straffepoeng", og eg berre hadde kunne få tre slike før min konto vart fjerna. Og deretter vart det tyst... i ei veke.

Så fekk eg på ny ein mail frå Lexidh Solstad og Enjoydiary;
Din konto på EnjoyDiary har blitt gitt et straffepoeng pga misbruk. Følgende kommentar ble gitt av administratoren som ga deg straffepoenget:

Brudd på copyrightregler. Siste sjanse.

Og dette var jo ei såpass fascinerande og ufullstendig forklaring at eg gjerne ville ha ei utdjuping. I mellomtida hadde eg jo skjønt at norsk lov åleine ikkje var noko ho ville la seg anfekte av, så eit litt djupare studie av fotografia av Franz Ritter von Epp var på sin plass. Dette er dei fotografia som ein kanskje kunne ha hevda var kunstneriske fotografiske verk, sidan dei var portrettfotografi - eg vil jo hevde at dei har null kunstnerisk verdi, men frøken Solstad kunne kanskje meine noko anna, eg veit jo ikkje kva forhold ho har til det tyske krigsmaskineriet.

Det eg fann var at beggje fotografia var tatt av Heinrich Hoffmann ein fotograf som stod Hitler nær og hadde god tilgang på maktapparatet i det Tredje Riket, og at det var Hoffmann-arkivet som har ivaretatt arven etter denne fotografen. Dette problematiserast av at originalane vart konfiskert av amerikanske myndigheiter i 1945 då Hoffmann vart arrestert, og at ei amerikansk domsavgjersle i 1995 avklarte at fotografia av denne grunn var public domain. I ettertid har og Hoffmann-arkivet blitt tilgjengeleg på nett, i lag med instruksjonar for korleis leggje bilete ut på nettsider. Eg tar det som ein sterk indikasjon på at Hoffmann-arkivet har tatt domsavgjersla i 1995 til etteretting. Når Lexidh Solstad då vel å forfølgje saka, og gje meg ein siste sjanse, så tenkte eg at dette var eit bra høve til å avklare dette, og tidlegare problem. Eg tenkte òg at eg skulle forklare henne at eg jobbar nært med eit fagmiljø som arbeidar ein del med dette.

Ikkje at eg hadde stor tru på at eg ville nå fram, men eg er no av den oppfattinga at ein alltid må prøve å kommunisere med andre som om dei var modne, vaksne og intelligente menneske - sjølv om dei sjeldan er det. Mitt svar var som følgjer;

Hei,
dette forventer eg ei betre begrunning av.

Det har seg slik at vi har eit skriftleg regelverk på EnjoyDiary, og det må vi alle forhalde oss til. Omtale av misbruk må konkretiserast med hjemmel i desse skriftlege reglane.

Eg får anta at dette gjeld dei same bileta som vi tidlegare har diskutert. Og då må eg etterlyse at det enno ikkje har blitt tatt stilling til fleire punkter ang. dei bileta. Det ber eg om at det vert gjort før ein tar i bruk straffereaksjoner. Dette fordi dei skriftlege reglane til EnjoyDiary er ein gjensidig og bindande kraft for både brukarar og administratorar, og skal beskytte beggje partar. Reaksjonar utan hjemmel i desse reglane og norsk lov er eit kontraktbrot frå administrator si side. Difor ber eg om klargjering om korleis bileta er eit brot på reglementet, som i følgje admin nyttar norsk lovs definisjon av copyright (altså Andsverklova), og då vil eg ha dette belyst i henhald til følgjande punkter;

a) Andsverklovas §43a gjev fotografi begrensa beskyttelse, i forhold til anna andsverk. Definisjonen av skillene finn ein i §1. I tråd med dette hevder eg at bileta ikkje lenger er beskytta material

b) Norsk sedvane, samt andsverklova, opner for bruk av bilete for å illustrere. Og god skikk her er at ein ikkje utgjev fotografia for å vere eigne, eller freistar å tene pengar på dei under ei slik forutsetnad. Vidare at historisk material og arkivmaterial er tilgjengeleg for å illustrere tekster om gitt historisk periode.

Vidare vil eg leggje til følgjande punkter ang. dei spesifikke bileta;

c) at det i ei domsfelling frå 1995 vart avgjort at bileta til fotograf Hoffmann, som inkluderar mellom anna bileta av Franz Ritter von Epp, var allment tilgjengeleg for bruk då dei var eig av amerikanske myndigheter. Originalane vart konfiskert då fotografen vart arrestert i 1945, og amerikanske myndigheiter slapp fri copyrighten på biletmaterialet frå krigen.

d) at Hoffmannarkivet ved museet i Bayern som har ivaretatt arven frå Hoffmann sjølv har valt å opent oppfordre folk til å bruke bileta som illustrasjonar, og tilbyr dei gratis til brukarar på nettet - utan vilkår.

Eg kan forøvreg og påpeike at slik copyrightreglement fungerar, og ED sitt reglement er formulert, så ligg ansvaret ikkje hjå ED å handheve dei. Ei heller ligg bevisbyrda i copyrightsaker på dei som er antatt å ha brote dei, men hjå dei som krev eigarskap til bileta. Eg kan òg leggje ved ein personleg notis om at eg er ansatt som konsulent for fagmiljøet i kunsthistorie og digital kultur ved Universitetet i Bergen, og deler korridor med nokre av landets framste ekspertar på desse områda. Så om det skulle vere noko ein lurar på, så kan eg vidareformidle spørsmåla.

Beste helsing
Hastur

Til dette hadde Lexidh Solstad berre følgjande seie;

Et fotografisk verk er beskyttet i 70 år etter fotografens død. Om du
mener det er snapshots som kun er beskyttet i 15 år etter fotografens
død har ikke vi noen intensjoner om å ta det til rettsvesenet for å få
det avgjort om det er så eller ikke. Enten fjerner du bildene, ellers
mister du kontoen din på ED. Dette er noe vi ber brukere gjøre så godt
som hver eneste dag, så det er ingen grunn til å oppføre seg som om
dette er noe spesielt. Dette er ikke dine bilder, dette er ikke en
diskusjon du har noen mulighet til å "vinne". Du har kun få dager på
deg til å fjerne bildene.

Eg følte kanskje ho ikkje hadde fått med seg kva eg hadde skreve, så eg gjorde eit nytt forsøk:

Og hei igjen. Om dette er noko de gjer kvar dag, så vonar eg at det gjer det med meir profesjonalitet til vanleg, for hittil har det vore ein urovekkande mangel på dette. Sjølv om du skulle meine at desse fotografia er fotografiske verk på lik linje med fotografisk kunst (noko eg bestrider), så endrar ikkje det faktum at originalane var konfiskert av amerikanske myndigheter i 1945, og at ein domstol i 1995 avgjorde at dei er public domain. Dette har òg Hoffmann-arkivet som ivaretar arven etter fotografen innstilt seg på, og dei distribuerar databasen gratis til bruk som illustrasjonar. Korleis du då kan overstyre dei som evt. har rett til å kreve copyright på bileta forblir ubesvart. Det er heller ikkje eg eller du som har bevisbyrda i denne saka, men dei som evt. krev opphavsretten. Noko dei har gjett klart uttrykk for at dei ikkje planar å gjere, og det vart fastlått av ein domstol for over 10 år sidan at dei ikkje kan gjere det. Å "vinne" denne diskusjonen er ikkje det eg har i tankane. For det er ingen diskusjon så lenge du nekter å ta stilling til dei punkta som vert lagt fram for deg. Faktum er at bileta ikkje er under copyright, og at dette kan påvisast. Ein kvar straffereaksjon basert på din overstyring av dette er eit brot med reglane på enjoydiary, og som eit kontraktsbrot å rekne. Og eg har problem med å forstå kvifor du framleis ønskjer å gjere ei sak av dette.

Beste helsing Hastur

Noko slikt skulle vel vere rimeleg enkelt å forhalde seg til, og eventuelt svare på... men Lexidhs veger er uransaklege;

For hver gang du svarer på dette forandrer du forklaring på hvorfor du
skal ha lov til å benytte disse bildene. Taskforce sitt standpunkt er
derimot helt klart, bildene skal vekk. Hvis det vil få deg til å "føle
deg bedre" kan vi godt kalle dem støtende og kreve dem fjernet av den
grunn. Resultatet er uansett at de blir borte om kort tid. Om det da
vil inkudere hele dagboka di eller ikke er ikke opp til Taskforce. Det
er du og kun du som bestemmer over det. Det er ingen som tvinger deg
til å offre dagboken din på grunn av et innlegg der du ber en død mann
om å smile mer.

Jaha... så det er viktigare at ein straffereaksjon finn stad, enn eit faktisk regelbrot? Det er vel ikkje anna å lese her. No vert eg litt krassare, då eg ser det nødvendig å drive litt oppdraging her;

Då du nekta å ta innover deg norsk lov, la eg til at ei domsavgjersle frå 1995 ein gong for alle frigjorde bileta frå copyright for å hjelpe deg med å få klarhet i saka. Dette gjorde eg i den første mailen eg sendte, så at eg har endra forklaring vil eg ha meg fråbedt. Derimot nekter du konsekvent å ta stilling til dei fire punkta eg la fram. Eg finn det uprofesjonelt og urovekkande at du meiner du veit betre om desse bileta er underlagt copyright eller ikkje enn ein domstol samt det statlege arkivet som ivaretar arven etter fotografen. Det er faktisk eit viktig prinsipp på spel her, om du meiner at innhald på EnjoyDiary skal til sjuande og sist godkjennast av deg - uavhengig av andsverklov og andre regler - så bør du nedfelle det skriftleg i reglementet for ED. Eit slikt punkt ville eg aldri ha godtatt då eg meldte meg inn, og eg vil aldri blitt verande dersom du nedfellte eit slikt punkt i reglementet. Slik reglementet står no. Så har eg ikkje brutt det, og det må du og Taskforce faktisk godta. Om de vil endre reglene til å passe denne faktiske policyen, så gjer det skriftleg. Og eg pakkar saman sakene min og reiser frivillig, for det er eit reglement eg ikkje kan eller vil godta.

Beste helsing Hastur

Diverre er det å argumentere med Lexidh Solstad som å ete rømmegraut med spisepinner, men ho skal ha for å vere kort og konsis, og å halde ting enkelt. Svaret eg fekk frå henne på dette, var simpelthen:
Farvel da.

Ei veke seinare fekk eg ein ny mail.

Din konto på EnjoyDiary har blitt gitt et straffepoeng pga misbruk. Følgende kommentar ble gitt av administratoren som ga deg straffepoenget:

Brudd på regler.

VIKTIG!
Dette er ditt tredje straffepoeng på et år. Det betyr at din konto umiddelbart har blitt deaktivert og vil bli slettet innen èn uke om vi ikke hører noe fra deg.

Og med det var min konto deaktivert. Og mi IP-adresse både heime og på mitt kontor var blokkert for at eg ikkje skulle lese eventuell omtale av det som skjedde, eller kommentere det.

Eg var særs imponert over korleis eg fekk tilbod om å få klaga endra, sidan ho ikkje klarte å argumentere sak på eit einaste nivå. For ikkje å snakke om at begrunninga no simpelthen var a eg hadde brudt regler, ikkje noko forklaring på kva regler? Kvifor, fordi eg har brudt ein usynleg regel - eg var usamd, og eg vågde å seie i frå. Dette er symptomatisk for hennar vis å forhalde seg til verda på, og som vil verte tydleggjort i del 3 av denne soga, der vi tar for oss etterspelet av mi utkasting. Og om du trur dette var underhaldande, så kan eg love deg at det som kjem vil gje deg bakoversveis. Så ver tolmodig, så skal du få oppleve vanvidd på eit nivå du aldri skulle tru var mogleg frå nominelt vaksne menneske utan rulleblad.


Del to er illustrert ved hjelp av Hjarandr og Kaptein Sinnsfrisk, og for dei som berre følgjer med på bileta så har eg eit par godbitar i neste del òg... men send meg gjerne fleire!

24 kommentarer:

  1. hehehe forundrer meg IKKE :-)
    ED i et nøtteskall. Du tok det på kornet.
    Joda de nekter folk å ha bilder som er public domain, men det å fjerne bilder av privat personer som blir hengt ut på det groveste, det nekter deå fjerne! Jeg måtte få en venn til å true med advokaten sin for å få fjernet noen virkelig stygge bilder og tekst om en venninne som ble mobbet og hengt ut på det groveste på enjoydiary!!!

    SvarSlett
  2. Jeg fikk følgende mail fra "taskforce" (aka Lexidh):

    "Nenia skrev: Jeg tør ikke å si noe, jeg vil nemlig ikke bli kasta ut... :P"


    Da foreslår vi i taskforce at du ikke sier noe heller. Denne
    kommentaren er unødvendig og vi klarer å lese hva som ligger mellom
    linjene. En slik type kommentar vil føre til straffepoeng neste gang.
    (la oss unngå det)

    - Taskforce."

    Så det er faktisk mulig å få straffepoeng for å tenke, uten å skrive hva man tenker også!!! Sånn for å dra det enda lenger...

    SvarSlett
  3. Eg trur kanskje det er fleire enn Furte-Franz som har vanskar med å smile. Hadde vore fint med ein homage til originalinnlegget der Franz vert bytta ut med eit anna individ...

    SvarSlett
  4. noraah:
    Enjoydiary har eit heller besynderleg vis å tolke lover og regler, og dette vil vere eit av temaene eg tar opp i del 3.

    Nenia:
    Du må hugse at på Enjoydiary er all kritikk eller motstand eit personleg åtak på Lexidh. Du vil òg kunne risikere avstraffing for å ha skreve denne kommentaren her hjå meg.

    Om ein skal tolke ein del av dei meldingene eg har fått, kan ein forstå det slik at Lexidh har prøvd, med stort hell, å gjennomføre eit fryktbasert regime som mange fascistar berre kan misunne. Folk er redd for å snakke om henne, utan å leggje til at dei tykkjer ho er fantastisk for at ho er til. Kritikk er ikkje tolerert. Det er besynderleg.

    Bad_Mynock:
    Eg har tidvis lurt på om det er det som er kimen til problemet hennar. Kanskje tok ho innleggjet mitt personleg? Ein eventuell homage får andre enn eg står for, eg driv ikkje med sjikane ;-)

    SvarSlett
  5. Jeg vet egentlig ikke hvorfor jeg velger å kommentere denne saken, for jeg føler strengt tatt at ord blir fattige.
    Å lese igjennom diskusjonen, selv om den vel neppe kan kalles det, er et studium i hvordan mennesker er i stand til lese ting fullstendig selektivt og blottet for enhver evne til selvransakelse.

    Jeg har ikke mer å si i denne omgang, men siden du etterlyste en kommentar så har du fått den. Nå går jeg for å skalle hodet i veggen en liten time... Det burde rydde opp i skallen etter å ha lest dette.....igjen.

    SvarSlett
  6. På tide med referanser inn i gamle forklaringsverktøy, og George Orwells "Animal Farm" presser seg på her.

    Nå er det selvsagt med fare for å støte MadMullah en smule, noe man skal være forsiktig med, men for sikkerhets skyld setter jeg likhetstegn mellom Gamle Hastur og Orwells "Snowball". Lexidh blir da å betrakte som en blanding mellom "Napoleon" og "Squealer" -- Hastur, du får selv foreta eventuelle mappinger til det tyske krigsmaskineriet anno 1940.

    SvarSlett
  7. Sambo:
    Eg har full forståing for å lese dette ikkje hjelp deg i å fullføre dine studier... sjå på det som ein leksjon i korleis ikkje argumentere?

    mso090:
    Du må ikkje tru at eg ikkje veit kven du er, din røvar ;-)

    Animal Farm er jo ein klassikar å trekkje fram når ein skal samanlikne ting i røynda med fiktive storleikar. No er det enno slik at fiksjon blekner i møte med verdas harde realitetar og dei karakterar vi møter der... som i dette tilfellet.

    Eg har dog enno til gode å sjå nokon prøve å trekkje inn den mindre kjende dyrepornofilmen Animal Farm som samanlikningsmaterial... eg trur det hadde vore ei fruktbar øving.

    Unngjekk eg å svare fornuftig på kommentaren din no? ;-)

    SvarSlett
  8. Den dyrepornofilmen har jeg faktisk aldri sett. Men den høres absolutt interessant ut. Har du et eksemplar jeg kan låne?

    SvarSlett
  9. Jeg har så lyst til å si noe vettugt eller morsomt om denne saken, men.....Jeg blir målløs. Gang på gang. Jeg burde egentlig ikke være overrasket, jeg har hengt på ED i altfor mange år til det....

    SvarSlett
  10. Snirkelsnorkel:
    Eg har den dessverre ikkje, eg såg den hjå Valgerd Svarstad Haugland ;-P

    Frk Skavlan:
    Lexidh Solstad har den effekten på folk... uansett kor mykje ein vert utsatt for henne.

    SvarSlett
  11. Jeg har jo, som sagt, nylig vært utsatt for Lexidh Solstads vrede og ikke for annet enn hva nenia sier; for å ha skrevet noe som Lexidh deretter "leste mellom linjene" og ga meg et straffepoeng for. Jeg nevnte ikke navn, jeg sa ikke noe støtende og det var i en kommentar. Personlig er jeg glad for at jeg forlot ED og nå håper jeg bare at noen en vakker dag kan stoppe henne..!

    Ser frem til å lese del 3 :)

    SvarSlett
  12. Del tre kjem så snart eg har tid. Er travle dagar dette, og del tre treng litt meir bearbeiding og utvelging av tekstdømer.

    Måten Lexidh straffar meininger, antatte meininger og tanker minner meg ein del om dei mindre trivelege totalitære regima som vi opplevde på det 20. århundret. Men å samanlikne Lexidh med Stalin og Hitler er sjølvsagt å spytte på deira arv. Ho når simpelthen ikkje deira høgder ;-)

    SvarSlett
  13. Koz og klemz, hastur!!

    SvarSlett
  14. Takk skal du ha Lengsel, akkurat det doktoren hadde tinga ;-)

    SvarSlett
  15. Tja, etter å ha fått straffepoeng for å støtte andre som har blitt kastet ut for 2 år siden og kun lagt ut mailen jeg fikk fra henne i bloggen uten kommentarer, er jeg ikke overrasket. Må være deilig å kunne være dronning i sitt eget rike :)

    SvarSlett
  16. Ein ting er å vere drottning i eiget rike... men hadde det ikkje vore kjekkare å vere ein populær eineherskar, kjent for sin rettferd og visdom? Det har eg alltid trudd... Lexidh har diverre aldri heilt satsa sterkt på det.

    SvarSlett
  17. Gleder meg veldig til del 3, når kommer den?

    SvarSlett
  18. Så snart eg har tid, den vil ta litt lengre tid å skrive og eg er veldig travel akkurat no, med ein del deadlines og arrangementtign eg vil ha unnagjort før eg reiser til London.

    SvarSlett
  19. Også tidligere EDer6. april 2009 kl. 11:39

    Kanskje hun ikke helt forstår nynorsk?

    SvarSlett
  20. Eg veit ikkje heilt om eg vil skulde på det norske skulesystemet åleine.

    At ho skulka unna i norsktimane får ho ta på si eiga kappe.

    SvarSlett
  21. Ohjoy!

    Jeg sitter her med brus og godis, vannkopper og det som er til - veldig klar for å lese del 3!

    Hurra for ordspråket ditt, Hastur. Jeg tror nesten jeg er forelsket i det her jeg sitter!

    SvarSlett
  22. Vi gjer vårt beste. Vi må vel nesten skrive del 4 og 5 snart. Kanskje påska gjev tid til det?

    SvarSlett
  23. Men er ikke påsken tiden for påskekrim, skiturer og ikke minst: kvikklunsj?

    Men når du sier det, det er jo litt som å lese påskekrim - og det vil jo si det samme som å skrive det?

    Skal faktisk innrømme at jeg har aktiv konto på ED, men ikke brukt den siden jeg hoppa over til LJ. Kan ikke si at jeg synes det var så kult at "hemmelig dagbok" ikke var så hemmelig overfor administrasjonen akkuraten.

    SvarSlett
  24. Administrasjonen må jo sjølvsagt ha tilgang, men det er jo eit spørsmål om korvidt administrasjonen er ved sine fulle fem. Det er den diverre ikkje på ED.

    SvarSlett