fredag 5. september 2008

Stephen Fry og din mulla om Open Source

Eg innrøm gladleg at eg tilhøyrer den type menneske som dyrker ved føttene til Stephen Fry. Ikkje berre er han ein talentfull skodespelar og komikar, han er ein mann av personleg mot, innsikt og ein utsøkt smak. Ein smak han i disse dagar demonstrerar med ein promo-video for open source.



For Open Source er noko anna din Mulla sett stor pris på. Medan eg som skribent og kulturprodusent har forståing for at ein treng eit vern rundt andsverk, så er det alltid ein fare for at dette vernet opptrer på eit vis som ikkje er gunstig for allmenne omsyn. Dette gjeld ulike typer andsverk og forsøk på å verne dei, men når det kjem til software er strida mellom interessene ekstra skarpe. Og etterkvart som dei store profitdrevne aktørane gjer sitt beste for å styrke si kontroll på marknaden, og din bruk av software og operativsystem du har kjøpt og betalt, er det fleire og fleire som vaknar til ideen om at å nytte meir Open Source alternativ. Dvs. programvare med open kjeldekode, utvikla og presentert i samarbeidsand, og helst basert på dugnad.


Din Mulla anbefalar dette, og det meste av programvare han køyrer er Open Source... om du ser vekk frå at han på sin laptop har Windows XP... og på sin stasjonære køyrer Vista.

Burde eg nemne at eg òg er slave for min Microsoft xbox 360? Din Mulla er moglegeins ein hyklar... ein hyklar med mykje spel i hylla.

(Video via Jake på The Steampunk Workshop)

6 kommentarer:

  1. Liker Fry. Er helt uinteressert i kildekode. Åpen eller ei. Skjønner uansett ingenting.

    SvarSlett
  2. Kva for noko? Er du ein sånn kreasjonist du, som trur at kjeldekoden vart skapt av Gud? ;-P

    SvarSlett
  3. Derav begrepet "fri programvare" istedet for "åpen kildekode". Frihet til å anskaffe, frihet til å endre, frihet til å distribuere videre. Og frihet fra at Microsofts advokater forlanger å sjekke alle firmaets PCer for din regning, slik det nettopp skjedde hos enkelte skoler i Akershus.

    SvarSlett
  4. Javisst.

    Situasjonen slik den er no, er ganske uhaldbar. Difor likar eg at fleire og fleire tyr til alternativ. Og at ein stemme som Fry støttar opp om det skadar ikkje.

    SvarSlett
  5. Jeg er for all del for anarki. Så lenge det foregår i ordnede former.

    SvarSlett
  6. Høyr høyr! Det trur eg vi alle er samde om!

    SvarSlett