onsdag 17. september 2008

Teikneserie på morgonkvisten; Visions of the Blade

Nokre likar å lese aviser om morgonen, attåt ein kopp kaffe og kanskje ein bit frukt eller anna form for frukost. Eg lar meg ikkje lure, eg er sikker på at det først og framst er teikneseriane som står i fokus når avisa opnast om morgonen - kven har vel lyst til å høyre om kjendisers sexliv så tidleg? Så kvifor ta bryderiet med å gøyme seg bak avisa? Kos deg heller med eit teikneserieblad! Eg les ein del teikneseriar på nett, det funkar fint som ein bra start på kontordagen òg.

Eg kan mellom anna anbefale denne godbiten, for dei av dykk som likar Star Wars og som likar meiningslause dataspel... og som er nerd nok til å tru at dette er ein god kombinasjon. Ja, vi snakker her altså om ein promoteikneserie til kampspelet Soul Calibur IV som denne gongen har eksklusive Star Wars-karakterar...

... og eg skammar meg ikkje over at eg kjøpte meg SCIV i somar, og har hatt mykje moro med det i godt selskap av andre sunne sjeler. Eg skammar meg ikkje... men eg vurderar terapi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar