torsdag 4. september 2008

Å trakke i nerdesalaten

Om McCain skal bli President i Amerika, må det nok meir til enn ein snerten og munnrapp kristen visepresidentkandidat. Han må mellom anna lære seg å omkranse seg med heilt andre type menneske enn det han har hittil, for dei har det med å terge på seg heilt feil folk.

Og når eg seier heilt feil folk, så meiner eg nerdar. Og ikkje kva som helst nerdar. Eg meiner rollespelnerdar. Dungeons & Dragons nerdar for å vere nøyaktig. Dei verste av dei verste når det kjem til nerding. Og er det ein ting du ikkje gjer når du skal vere hipp og skal blogge, så er det å spytte på nerdar eller slenge drit om dei.

Slik Michael Goldfarb gjorde i McCains offisielle blogg då han skreiv:
"It may be typical of the pro-Obama Dungeons & Dragons crowd to disparage a fellow countryman's memory of war from the comfort of mom's basement, but most Americans have the humility and gratitude to respect and learn from the memories of men who suffered on behalf of others."

Audå... reaksjonane lot ikkje vente på seg. Først tok bloggane fyr. Så foruma. Så resten av internett. Tett fulgt av ei kraftig fordømming frå Presidenten i Wizards of the Coasts, og den vart fulgt av ei fordømming frå Vise Presidenten i Hasbro, truleg verdas største leiketøysprodusent.

Ja, no var du flink Goldfarb. Du òg McCain, som klarar å omringe deg med slike skikkelser. Dette er slikt vi likar å sjå - eit Republikansk parti attende i godform.

Og då orsakinga kom... var det allereie for seint. Salaten var tråkka sund.

Og ingenting er som nerdesalat når ein først har tråkka i det.

Les om heile saka hjå Fantastiske Nyhende.

7 kommentarer:

  1. Plutselig meg like McCain enda litt bedre. Rollespillnerder er til for å tråkkes på!

    SvarSlett
  2. Øy! Ver snill no Påsan! ;-)

    Som rollespelforfattar mistenkjer eg at eg er klassifisert som rollespelnerd! :-o

    SvarSlett
  3. Som rollespillforfatter kvalifiserer du som en som utnytter og forleder rollespillnerder. Hvilket er høyverdige gjerninger og velbehagelig i Herrens øyne.

    SvarSlett
  4. Men kva om eg innrømmer at eg òg har ein pervers glede av å spele mine eigne spel, og jamnleg forkastar skrivearbeid til fordel for å ete usunn mat, drikke brus og trille terningar?

    Og at eg har gjort dette i mors kjeller ved fleire høve då eg var ung?

    *dramatisk musikk*

    SvarSlett
  5. Vel, du innrømmer tross alt at gleden er pervers. Ingen sann nerd har selvinnsikt.

    SvarSlett
  6. Eg trur du prøver hardt for å unskulde meg no ;-)

    SvarSlett