onsdag 10. september 2008

Vi er her framleis

Den ganske så tvilsomme, og observante Arnfinn har observert at verda ikkje gjekk under i dag. Dette stemmer heilt og haldent, om du ikkje har fått det med deg. Pressa har sjølvsagt gjort kva dei kan for å overtyde folk om at det har vore fare for at lyset skulle gå av ved dagens test av menneskehetens nye leiketøy ein såkalla "Large Hadron Collider". Gud, vi elskar dippeduttar, ja? Og dette er pappaen over alle tekniske dippeduttar, og ein som vi berre kan drøyme om å ha i hagen vår. Denne dingsebomsen er ein 27 kilometer lang partikellakselerator, og den største av sitt slag (Vil framleis ha). I dag testa dei den ut ved å skyte litt partiklar og whatnot gjennom den... og dei nådde visst fram, utan å forårsake eit svart hol i oppstå eller å opne døra for dei eldre gudar.

På sett og vis særs skuffande, og litt av ein nedtur i ein elles så hektisk arbeidsdag. Det mest skuffande var eigentleg kor tyst det var der ute, og då snakkar vi ikkje berre om dagspressa, men deira andsfeller blant internettforum prega av andre paranoid schizophrene. Der har det vore mykje snakk det siste året om korleis The New World Order vil øydeleggje verda med dette, eller i det minste forårsake ei naturkatastrofe som gav dei ein unskulding til å ta full kontroll over verda. Og så var det noko med Frimurarar, svart magi og protonar... eg klarte ikkje alltid å følgje med.

I dag vart det brått stille. Alle dei elles så livlege trådene døde hen... og eg vart sittande att med ei tom kjensle... For dei som trur at dagens vellukka test ikkje hadde negative konsekvensar, tenk på nytt - det tok livsgnisten frå dei paranoide. Var det verkeleg snilt?

6 kommentarer:

  1. Utålmodige sjeler - fortvil ikke!!
    Jordens undergangs undergang er sterkt overdrevet, svanesangen er såvidt begynt.
    Nå snakker de om lavenergi og smågreier som tusler rundt i omtrent lyshastighet, nærmest for å kalibrere dommedagsmaskinen til det ene og siste støtet som først finner sted om et års tid - masse moro å glede seg til med andre ord.

    Min oppfordring til alle helgale sjeler: stimle sammen omkring dommedagsprofetiene igjen - slaget er ikke tapt riktig ennå!!

    SvarSlett
  2. Ja, det er som eg alltid har sagt. Ein må berre puste djupt og vere litt tolmodig. Verda går under den, før du veit ordet av det - men ingenting kjem om du sitt og ventar på det.

    SvarSlett
  3. Ta det med ro, Dommedag er hos trykkeriet.

    SvarSlett
  4. Som eg sa! Alt ordner seg for den Dommedagshungrige.

    "Don't Panic!"

    SvarSlett
  5. Og hvor har du tenkt til å plassere den lille akseleratoren hvis du faktisk får tak i den?

    Hilsen Frøken Snusfornuftig.

    SvarSlett
  6. No skal du høyre!

    Eg har plass på taket! :-D

    SvarSlett