måndag 8. september 2008

Våkn opp!

Ja, det er på tide å vakne opp folkens. Den globale oppvarming er ei realitet. Det kunne Jehovas Vitner fortelje meg då dei var innom i dag.

Men frykt ikkje, kunne dei fortelje meg, for Frelsaren hadde fullt innsyn i heile skaparverket frå då Herren skapte universet. Ja, for sjølv om vår dårskap kan stille i verda i ein slik katastrofal situasjon som no (der openbar boligmangel og rammar isbjørnar), så har Frelsaren den velsigna kunnskapen som skal til for å rydde opp etter oss. Frelsaren vil verken vere politikar eller vitskapsmann; "Sett ikke deres lit til fornemme eller til en menneskesønn, hos hvem det ikke er frelse" - Salme 146: 3.

Først i dag vart eg fortald at det berre er ein leiar som kan løyse alle verdas problem, og at han har forutsett i Bibelen; "Jehovas ånd skal komme over ham, visdoms og forstands ånd, råds og veldes ånd, kunnskap og Jehovas frykts ånd... med rettferdighet skal han dømme de ringe... og med sine leppers ånd skal han vilde den ondes død." - Jesaja 11: 2-5

Og forstod eg dei rett så var det ikkje Barack Obama, og den onde var visstnok verken McCain eller Bush, men eit eller anna. Frelsaren er Jesus, vår venn.

Kor fabelaktig er ikkje det?

No kan eg slutte å uroe meg for miljøet. Eg kan slutte å kjeldesortere, og vere varsam med klimagasser. Og eg kan no støtte ein invasjon av Irak (klar for runde 2?) - Jesus fikser miljøet snart uansett, og redder isbjørnane.

Då attstår det berre å gjere noko med pandaene. Takk til Jehovas Vitner for dette, mine faste kaffegjester!

4 kommentarer:

  1. La meg gjere deg merksam på at du enno ikkje har innvia bloggen din med eit ekte pandainnlegg! Eg forventar snarlig oppfølging av dette :]

    SvarSlett
  2. Eg har ein backlog med idear akkurat no.

    Og om eg skal ta for meg pandamonium burde eg først få flytta over arkivet av panda-saker, eller?

    SvarSlett
  3. Neste gang får du høre om de har hørt om Luther og treet.

    SvarSlett