måndag 29. september 2008

Ytringsfridom og David Irving

Norsk Litteraturfestival har satt seg sjølv på dagsordenen ved å invitere den vidkjente Holocaustfornektaren David Irving til å vere ein av foredragshaldarene på festivalen i Mai 2009. Dette er eit sjakktrekk for ein kvar festival som kanskje føler dei treng litt merksemd og debatt - all PR er god PR, seier dei. Og det er ingen tvil om at fleire vil kome til å dukke opp på neste års festival på grunn av dette (eg vurderar sjølv å finne vegen), spørsmålet er om det er forsvarleg.

Reaksjonane straumar sjølvsagt på. Og Litteraturfestivalen grip til den openbare argumentasjonen, og det heilt nødvendige argumentet - ytringsfridomen må forsvarast, sjølv når det er upopulære ytringer. Og sjølvsagt, som dei påpeiker, så er det lettare å forsvare ytringsfridomen når ein er samd enn når ein vert støtt av det som vert sagt.

Så langt så godt - det er ikkje særleg fruktbart å argumentere mot dette. Eg er sjølv villig til å gå langt for å forsvare ytringsfridomen, sjølv David Irving sin. Og eg er ikkje framand for tanken om å invitere ganske kontroversielle skikkelser til å foredra, og å verte konfrontert. Det er sunt. Og eit viktig aspekt av demokratiet.

Men det Norsk Litteraturfestival må stille seg sjølv spørsmål om er om dei er villige til å vere ein kanal for ein vidkjent Holocaustfornekter med sterke band til høgreekstreme miljø. Eg kan ikkje svare for dei. Og eg veit ikkje om eg kunne ha svart for meg sjølv ein gong. Faktum er at Holocaust og Holocaustfornekting er eit ekstremt ømt tema, og om ein vil ha ein debatt om slikt, så er det ikkje til fordel for debatten at ein tyr til ytterpunkta. Langt meir varsame talsmenn kunne vore valt, men dette hadde ikkje tent Litteratufestivalens hensikt, som var å få merksemd og kontrovers. Dei tar fram kanonane, og lar Irving halde foredrag - uopponert. Det er ikkje ein debatt.

Så kva er mi vurdering? Feil person, feil plass.

Eg er grueleg frista til å omtale dette forsøket på å vere kontroversiell som ein smule pubertal, men ein skal jo vere varsam med slike karakteristikker.

Litteraturfestivalen er på tynn is, når dei fremjer "Sanning" som tema, og for rein sjokkverdi inviterar ein av dei mest kontroversielle meiningsytrarane for å skape splid. Litteraturfestivalen fremjer polarisering og demagogi, ikkje debatt eller ytringsfridomen.

Dei har gløym at som arrangørar og som kanal for ytringer, så har dei eit redaksjonelt ansvar for kva dei sett opp. Dei treng ikkje vere samde i forelesarane, men dei må vere medvite nok til å vete at dette ikkje fører til sunn debatt om revisjonisme eller ytringsfridom, den fører til krangel. Vidare må dei vete, at det er forskjell på å la meiningsmotstandarar ytre seg, det er noko anna å invitere dei, og å oppmode til det.

Og vi takkar ærbødigst Snirkelsnorkel for å ha tipsa oss om saka.

6 kommentarer:

  1. Det var da svært så dannet. Jeg er en smule hardere i min dom.

    SvarSlett
  2. Det overrasker meg ikkje, men du veit meg. Eg er jo ikkje så streng.

    Eg trur faktisk at Irving har lov til å bable. Det tyder derimot ikkje at nokon har plikt til å gje han ein plattform.

    SvarSlett
  3. Selvsagt bør han få bable. Det betyr ikke at Litteraturfestivalen behøver å oppføre seg som komplette kjøtthuer.

    SvarSlett
  4. Haha, det er sant.

    Dei lider av ein misforstått oppfatting av ytringsfridomen om ein skal tolke av argumentasjonen deira. Den er ikkje mykje gjennomtenkt i alle fall.

    Men personkarakteristikker prøver eg gjerne å unngå. Eg er jo så snill ;-)

    SvarSlett
  5. Du glemte å fortelle hvem som tipset deg om dette til tross for at du hadde lovet det. Til straff kan du få spandere en guinness ved leilighet.

    SvarSlett
  6. Eg visste det var noko eg gløymde i dag tidleg. Guiness skal bli,
    og ein kjapp edit for å inkludere tipsmakaren.

    SvarSlett