onsdag 24. september 2008

Zorn til Bergen? Ja takk.

Korleis kan det ha seg at eg ikkje får med meg at John Zorn kjem til Bergen og mellom anna skal ha konsert i Grieghallen 18. oktober? Bergen Jazzforum har invitert John Zorn til å vere kurator her i ein kort periode, og det vert dermed mykje eksperimentell avant gardistisk jazz på plakaten i oktober... ikkje minst mykje moro med John Zorn sjølv.

Takk og pris for at eg fann det ut i tide.

Kven John Zorn er, spør du?

Eh, jo... altså... godt spørsmål. John Zorn er ein ettertrakta Jazz saksofonist og komponist som spenner feltet mellom tradisjonell jazz, eksperimentell musikk og noise, men som òg klarar å skvise inn inspirasjon frå jødisk kletzmer, og frå "underground" miljø. I tillegg til fleire solide verk, har han òg gjort seg bemerka med å ha laga soundtrack til fleire filmar, kortfilmar og dokumentarar. Kanskje mest kjent er The Protocols of Zion, ein film som avdekkjer blomstrande anti-semittisme etter 11. september. I tillegg har han òg laga soundtrack til fleire BDSM filmar, som Maria Beattys The Black Glove og The Elegant Spanking. To filmar som må sjåast, uavhengig av ditt forhold til BDSM og erotikk på film, om berre for å nyte den fantastiske musikken.

Hans bidrag til Great Jewish Music, ein tribute til Serge Gainsbourg var ein cover av Contact, som Gainsbourg komponerte for Brigitte Bardot, og som er ein ofte spelt låt i Mullaens bustad.

Eg har ikkje så mykje meir å seie enn at eg gleder meg, og alle som vil vere med på konsert må berre rope ut så kan dei slå følgje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar