måndag 20. oktober 2008

Byen der paraplyar går for å døy

Regnet fell tungt over Bergen, ingenting nytt ved det. Folk utanbysfrå lurar på kvifor vi ikkje er gladare i paraplyar enn vi er. Kvifor så få Bergensarar, meg sjølv medrekna, reknar paraply som nødvendig. Er det fordi vi er så regnvante?

Nei.

La meg forklare. Bergen er staden der paraplyar kjem for å døy. Ikkje klart nok? La meg vere meir spesifikk. Bergen er ein kystby. Dvs, den ligg ved kysten.

Kysten har vind. Mykje vind.

Og er det ein ting paraplyar ikkje er glad i, så er det vind.

Vi snakkar ikkje om ein lett bris, eller eit lite vindkast eller to. Vi snakkar om vind.

På dagar som dette, når regnet har ramla tungt, som om himmelen opna seg, og vinden kasta både i den eine og andre retninga. Så er det ei underleg oppleving å vandre gjennom byen på kveldstid når det først er opplett. Over alt... øydelagde paraplyar, og restar av paraplyar. Eg mista tellinga etter kort tid.

Sanneleg, Bergen må vere byen der paraplyar går for å døy.

5 kommentarer:

  1. Du fekk ikkje med den som ligg under Puddefjordsbrua, på gangvegen frå eine til andre sida.

    Eg kjøpte meg forøvrig ny paraply i går, optimist som eg er. Min gamle sneik seg vekk. Truleg lei av livet og klar for å kaste seg foran eit vindkast.

    SvarSlett
  2. Sant nok regner det mye her, men så ille er da ikke vinden. Det hender selvsagt fra tid til annen at det blåser så mye at paraplyene blir nytteløse, men for det meste gjør det faktisk ikke det i Bergen.
    Hadde vi derimot hatt forhold som i Stavanger når det kommer til vind hadde vi hatt alvorlig grunn til bekymring. En by som kombinerer Stavangers vind og Bergens regnvær? Jeg grøsser ved tanken.
    Så la oss ikke male fanden på veggen her, det er kjipt nok som det er med alt dette regnet.

    SvarSlett
  3. Bad Mynock: Nei, eg har ikkje for vane å gå under brua når eg skal over den, har eg? ;-P

    Sambo: Du bur ikkje over Puddefjordsbrua, vi har godt med vind på den sida av byen skal eg seie deg ;-)

    SvarSlett
  4. Pfft, min rosa paraply klarer all slags vind. Det handler bare om å kjøpe den rette paraplyen, en sånn som er robust nok til å ikke vrenge seg. Jeg fant min i en lekebutikk, og jeg tror du ville kledd en sånn fint. :)

    SvarSlett
  5. Eg fekk min i The Grand Lodge of England ;-P

    SvarSlett