tysdag 28. oktober 2008

Det Turkmenske Arkivet

Bergen Internasjonale Film Festival (BIFF) bydde i år på mange ein dokumentarisk godbit, noko som er heilt vanleg for denne årlege festivalen. Ein av disse var The Shadow of the Holy Book om Turkmenbashis berømte nasjonalistiske og religiøse tekst. For dei som kjenner mitt forhold til Turkmenbashi og denne vidunderlege boka, så er det ikkje så vanskeleg å sjå for seg at eg var ganske så lett å overtyde til å sjå denne filmen.

For kva er vel betre enn ein inngåande finsk dokumentar om dette vidunderlege verket, omsatt til ein haug med språk, men sjeldan lest utanfor Turkmenistans grenser? Vi snakkar om boka til den eineveldige diktatoren, og tidlegare middelmådige Sovjetbyråkraten, som kallar seg Turkmenbashi - Alle Turkmenarars Far. Mannen som omdøpte både dagar og månadar som det passa seg, som fekk massive gullstatuar reist av seg sjølv og som likestilte si bok med Koranen i landets moskear - med Herrens velsigning sjølvsagt.

Filmen var diverre særs skuffande, då den berre såvidt var innom det som var interessant og valte heller å fokusere på den politiske opposisjonen og den grusomme menneskerettssituasjonen i landet. Og ikkje minst forfulgte filmskaparane dei mange utanlandske bedriftane, svoltne på landets oljepengar, som gjorde kva som helst for å innynde seg hjå Turkmenbashi. Filmen oser av venstreorienter moralisme, og oppriktig indignasjon over kapitalismens frammarsj.

Jada, jada, vi veit at folk lider under tyranniet, og vi veit at vestens kapitalistar gjer det heile mogleg. Vi veit dette. Enormt gjesp då folkens. Poenget her burde vere at Turkmenistan var (er?) eit av vår tids mest underhaldande diktatur. Sett utanifrå, og det er ikkje utan grunn til at eg i 2006 hadde som motto at forøvreg er det mi oppfatting at Turkmenistan bør bombast.

For å minnast dette presenterar eg difor mi gamle framstilling av Turkmenistan frå dei glade dagar, då eg testa Turkmenbashi på Caesar skalaen og fann han for tung. Eg undre meg eigentleg ikkje særleg over kvifor vi valte å invadere Irak og ikkje Turkmenistan, Turkmenbashi var tross alt ein snill slemming. Vår slemming. Då han døydde same året, så hadde eg sjølvsagt noko å seie om det òg.

I ettertid har han blitt erstatta av ein mann som ser nett ut som han, og eg undrast eigentleg på kor mykje/lite som har endra seg. Kanskje det er på tide å ta opp att mine studiar av dette så sjarmerande annleislandet?

For dei som vil kaste seg over Ruhnama, Turkmenistans heilage bok så finn de fleire omsetjingar her.

Forøvreg antar eg framleis at Turkmenistan burde bombast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar